Hopp til innhold

Fru Trump-talen: – Patetisk plagiat

– Dette er berre patetisk, seier retorikkekspert Kjell Terje Ringdal om Melania Trump sin tale i natt. Store delar av talen var lik ein tale Michelle Obama heldt for åtte år sidan.

SoMe-video av talene til Michelle Obama og Melania Trump

Sjå Melania Trump på Republikanarane sitt landsmøte i natt - og Michelle Obama frå Demokratane sitt landsmøte i 2008.

Det handlar om to potensielle presidentfruer som sa nesten det same - på landsmøta til to konkurrerande parti.

Ein stor del av talen som Melania Trump heldt i natt var nesten ordrett lik Michelle Obama sin tale under Demokratane sitt landsmøte i 2008, då Barack Obama blei nominert som presidentkandidat.

– Det var ein fantastisk fin tale, ein god tekst. Eg trur fru Trump sin tale vil bli ståande som den mest politisk akseptable talen på Republikanarane sitt landsmøte, seier førstelektor i retorikk og samfunnspåverknad ved Høyskolen Kristiania, Kjell Terje Ringdal.

Kommunikasjonsekspert Kjell Terje Ringdal

- Patetisk å halde ein tale som er reint plagiat, seier retorikkekspert Kjell Terje Ringdal.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Rein avskrift

– Den var bygd på ei kjend oppskrift. Talen var eit ekko av det som blir forventa i USA når det gjeld framvising av amerikanske verdiar. Den understrekar kor viktig det er for ein presidentkandidat å stå fram som vellukka med familie og kone. Dette er ein del av den politiske "liturgien" i amerikansk politikk. Det er berre så synd at talen var eit plagiat, seier Ringdal.

– Talen høyrest ut til å vere nærast ein blåkopi, ei rein avskrift av talen Michelle Obama heldt i 2008. Setningane er veldig like. Og då blir det rett og slett komisk, seier Ringdal.

– Amatørmessig - ein kjempetabbe

Også forfattar og historikar Hans Olav Lahlum meiner Melania Trump sin tale var god.

– Talen var betre enn venta, seier Lahlum. Men det er altså nokre passasjar i talen som er nesten ordrett identiske med Michelle Obama sin tale. Det er oppsiktsvekkjande og dumt.

Forfatter Hans Olav Lahlum

- Amatørmessig av 'team Trump', seier forfattar og historikar Hans Olav Lahlum.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– På kva måte?

– Det er oppsiktsvekkjande når ein tenkjer på kor lang tid staben har hatt på å jobbe med talen. Og det er sjølvsagt dumt når alt fokus etterpå blir på at såpass mykje var likt. Her er det først og fremst "team Trump" som kjem dårleg frå det.

Det er amatørmessig både av staben og ektemannen. Dette burde dei unngått. Det var ein kjempetabbe. I og med at dei ikkje har nekta for at det var element i talane som likna på kvarandre, kan det verke som om dei var klar over det, men ikkje gjorde noko med det, seier Lahlum.

Ingen konsekvensar

– Kva konsekvensar vil dette få, Ringdal?

– Det får ingen konsekvensar. For Trump-supporterane vil reaksjonane vere nok ei stadfesting på at dei er ei utsett gruppe som blir hetsa av "establishmentet". Dei vil gå inn i offer-rolla. Trump misser ingen støttespelarar på dette.

– Vi kan jo håpe at Trump vil halde fram å kopiere Obama, seier Ringdal.

USA-ELECTION/REPUBLICANS

Utdrag frå Melania Trump sin tale, som blir omtalt som plagiat.

SISTE NYTT

Siste nytt