Hopp til innhold

Fredspriskandidat om 16-åring i koma: – Iran vil hindra at sanninga kjem fram

Iran hevdar det var eit blodtrykksfall. Menneskerettsgruppe meiner det var eit angrep frå moralpolitiet. No uttaler fredspriskandidat Narges Mohammadi seg om Armita Geravand.

Selfie av Armita Geravand (16) og skjermdump av overvåkningsvideo

I KOMA: Armita Geravand (16) i koma på eit sjukehus i Teheran etter politivalden på T-banen, hevdar Hengaw.

Foto: IRNA/privat

– Iranske styresmakter gjer eit desperat forsøk på å dekkja over sanninga med kva som har skjedd med Armita Geravand, skriv Narges Mohammadi torsdag på Instagram.

Den iranske menneskerettsforkjemparen ytrar seg frå fengsel.

Skjermdump frå innlegget til Narges Mohammadi.

Narges Mohammadi delte dette innlegget på Instagram torsdag.

Foto: Skjermdump tatt 05.10.23

– Iran vil hindra at sanninga kjem fram, gjentek ho i innlegget.

Narges Mohammadi er ein av favorittane til å få tildelt Nobels fredspris fredag.

Narges Mohammadi har kjempa for kvinners rettar i Iran. Innsatsen hennar har blitt anerkjent internasjonalt.

Det er Rasmus Hansson som har nominert henne til Nobels fredspris som blir delt ut fredag.

Hevdar det var eit blodtrykksfall

Menneskerettsgruppa Hengaw hevdar at 16-åringen ligg i koma etter møte med Irans moralpoliti.

Grunnen skal vera at ho ikkje hadde på seg hijab då ho skulle ta T-banen i Teheran.

Overvakingsvideo skal visa delar av hendinga. Videoen viser ein person som blir bore ut av T-banen.

Opptaka viser ikkje kva som skal ha skjedd inne på T-banen. Videoen viser heller ikkje tydeleg om dei som er videoen ber hovudplagg.

Videoen er publisert av både menneskerettsaktivistar og i statlege iranske medium.

Overvåkningsvideoen ble publisert av det iranske statlige nyhetsbyrået Irna. NRK kan ikke verifisere hvorvidt videoen er redigert eller klippet i.

Overvakingsvideoen blei publisert av det iranske statlege nyheitsbyrået Irna. NRK kan ikkje verifisera om videoen er redigert eller klipt i.

Iranske styresmakter hevdar at Armita fekk eit blodtrykksfall og deretter slo hovudet inne i T-banen.

Den iranske ambassaden i Oslo skreiv i ein e-post til NRK torsdag morgon at Armita sine venner har sagt at ho svima av som følgje av lågt blodtrykk, og at ho ikkje var i kontakt med politiet.

– Diverre så prøver såkalla organisasjonar for menneskerettar å provosera opinionen i og utanfor Iran ved å skapa falske narrativ og historier. Dei vil misbruka kvar ei hending for deira eigne politiske mål, skreiv dei.

Seier at mora er arrestert

Onsdag skreiv menneskerettsgruppa Hengaw i ein rapport at foreldra til jenta var under «ekstrem kontroll».

Samstundes har regimevennleg media gjort intervju med foreldra til jenta.

Ifølgje det statlege nyheitsbyrået Fars, skal foreldra ha sagt at ho ikkje blei angripen. Faren skal også ha fortalt at dei hadde sett videoane «som viser at det var ei ulukke».

Fleire hevda at foreldra til den 16 år gamle jenta blei tvungne til å prata, skriv The Guardian.

I ein ny rapport torsdag hevdar menneskerettsgruppa at mora til Armita er arrestert.

Bildet skal vise Armita Garavand på sykehus

Menneskerettsgruppa publiserte eit bilde av det som skal visa Armita som ligg i koma på eit militærsjukehus.

Foto: Hengaw

Til The Guardian skildrar eit augevitne torsdag at ein kvinneleg hijab-vakt skal ha byrja å krangla med Armita kort tid etter ho gjekk inn på T-banen.

– Kvinna skreik til henne og spurte kvifor ikkje ho dekkja hovudet, fortel vitnet til avisa.

– Armita sa då til henne at: «Ber eg deg om å ta av deg hovudskjerfet ditt? Kvifor ber du meg om ha eit?». Kvinna byrja så å angripa Armita fysisk, seier vitnet.

Eit anna vitne skal ha sagt at kvinna venta ved ambulansen som køyrde Armita til sjukehuset.

NRK har spurt den iranske ambassaden i Oslo om dei har ein kommentar til innlegget til Narges Mohammadi og om dei har kommentarar knytt til rapporten der det kjem fram at mora til Armita skal vera arrestert.

Trekkjer parallellar til Amini

Den siste tida har styresmaktene i landet i større grad aksjonert mot kvinner og jenter som bryt dei stenge islamske kleskodane.

No er fleire kjende kvinneaktivistar i Iran blant dei som kan vinna Nobels fredspris i år.

Les også Dette er favorittene til Nobels fredspris 2023

Dette er favorittene til Nobels fredspris 2023

– Hendinga, og dei motstridande forklaringane, har trekt nære parallellar til Jina «Masha» Amini, skriv The Guardian.

Amini blei arrestert av moralpolitiet for å ha bore hijaben på feil måte.

Ho døydde då ho var under politiets varetekt i fjor. Dette var berre få dagar etter at ho blei arrestert.

Dødsfallet førte til månadar med demonstrasjonar mot styresmaktene. Mange kvinner kasta sjala og klipte håret i protest.

Les også Ett år siden Jina Aminis død

MVF9wUrZy3Y

SISTE NYTT

Siste meldinger