Hopp til innhold

Franske bønder blokkerer vegane inn til Paris

I fleire veker har bønder i heile Europa vore sinte. Måndag sette dei franske bøndene kursen mot Paris for å blokkere innfartsårene.

Farmers protest over price pressures, taxes, and green regulation in Chennevieres-les-Louvres

DEMONSTRASJON: Dei franske bøndene seier at jordbruket er i ferd med å kollapse.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Dei franske bøndene har trua med det i fleire veker. Måndag sette dei kursen mot den franske hovudstaden med traktorane sine.

Bondeorganisasjonane ønskjer seg betre arbeidsforhold, lågare skattar, og færre reguleringar, og vern mot billige importvarer.

Hundrevis av traktorar var i sving. Over 55 000 personar skal ha tatt del i demonstrasjonane dei siste vekene. 10 000 bønder demonstrerte måndag.

«Vi kjem ikkje til å døy tause», står det på eit av bannera.

– Vi treng svar. Dette er ein siste kamp for bøndene, sa Karine Duc, ein av bøndene på veg til Paris til France 24.

I 14-tida måndag var 8 hovudvegar blokkerte inn til byen. Rundt heile Paris er trafikken forstyrra.

France Farmers Protests

Dei skal demonstrere til tysdag. Her i Argenteuil nord for Paris. På bilen i bakgrunnen står det «Vår ende er din svolt».

Foto: Christophe Ena / AP

Første krise som statsminister

Etter fleire veker med demonstrasjonar kom den ferske statsministeren bøndene i møte.

Fredag besøkte Gabriel Attal demonstrantane i Haute-Garonne-regionen.

– Vi har høyrt dykk høgt og tydeleg, sa han til bøndene.

Han lova at dei franske styresmaktene skulle sette jordbruket «framfor alt anna», og gjekk tilbake på å avvikle skatteletten på diesel i jordbruket, og ville ha naudhjelp til bønder som driv organisk landbruk, og gjere vatn meir tilgjengeleg for bøndene.

French Prime Minister Gabriel Attal (2nd L) speaks with farmers as he arrives for a visit at a farm in Parcay-Meslay, near Tours, on January 28, 2024, amid nationwide protests called by several farmers unions on pay, tax and regulations. Prime Minister Gabriel Attal visited a farm on January 28, 2024, the day before the start of the "siege of the capital" promised by some farmers who feel that the announcements in favor of the sector are still insufficient. (Photo by ALAIN JOCARD / AFP)

Den franske statsministeren Gabriel Attal på ein gard i Parcay-Meslay søndag.

Foto: ALAIN JOCARD / AFP

Attal sa også at Frankrike skulle stemme i mot ein handelsavtale i EU som dei franske bøndene ser på noko som vil føre til urettferdig konkurranse frå Sør-Amerika.

– Vi må seie til alle franske borgarar at om dei som kan bør dei kjøpe franske produkt, sa statsministeren.

Dei to største fagforeiningane for bøndene bestemde seg likevel for å halde fram demonstrasjonane.

Etter eit hastemøte med president Emmanuel Macron og innanriksministeren Gérald Darmanin, blei det bestemt av 15 000 politifolk og militær personale skulle bli sett ut i gatene måndag. Hensikta var å hindre traktorane i å nå bykjernen.

Ifølgje den franske avisa Le Monde skal Attal snakke med representantar frå landbruket måndag kveld.

Han vil komme med fleire tiltak tysdag, etter at fredagens forslag ikkje var tilstrekkeleg for demonstrantane.

French police officers stand next to gendarmerie armoured vehicles Berliet VXB-170 or VBRG (Véhicule Blindé à Roues de la Gendarmerie) in the background, at the entrance of the Rungis market on January 29, 2024, amid nationwide protests called by several farmers unions on pay, tax and regulations. Local branches of farmer unions FNSEA and Jeunes Agriculteurs announced on January 27, 2024, a "siege of the capital for an indefinite period" starting at 2 p.m. on January 29, 2024, as some farmers feel that the government's announcements in favor of the sector are insufficient. (Photo by EMMANUEL DUNAND / AFP)

15 000 politifolk blei sett ut i gatene for å hindre demonstrantane å nå Paris.

Foto: EMMANUEL DUNAND / AFP

Uro i heile EU

Bøndene seier dei er avgrensa av EU og fransk byråkrati, og at tradisjonelt jordbruk er i ferd med å kollapse.

Også i Tyskland demonstrerte hundrevis av tyske bønder måndag. Traktorar blokkerte vegar inn til handelsbyen Hamburg. Dei demonstrerte mot Olaf Shultz sine forslag om fase ut skatteletten på diesel i jordbruket.

Farmers protest over price pressures, taxes, and green regulation in Longvilliers

Dei franske bøndene har demonstrert i fleire veker.

Foto: SARAH MEYSSONNIER / Reuters

I Polen, Romania, Belgia, og Nederland har bønder starta eigne kampanjar.

The Guardian skriv at Arnaud Rousseau, leiaren for FNSEA, ei av det større fagforeiningane i Frankrike, seier at demonstrantane vil halde ut til tysdag. Då skal president Macron møte Europarådet.

French far right leader Marine Le Pen visits a farm as the nationwide farmers protest continues, in Radinghem

Marine Le Pen, leiaren for ytre-høgre-partiet Rassemblement national, besøker bøndene under demonstrasjonen i den franske byen Radinghem.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Ifølgje avisa viser meiningsmålingane at bøndene har opp mot 90 prosent oppslutning i Frankrike, men at også privatøkonomien er stram. Det fører til at franskmenn ofte kjøper billige importvarer.

Dette vil vere eit viktig tema i EU-valet i juni, der fleire ytre-høgre parti håper å vinne veljarar frå misnøya i jordbruket.

SISTE NYTT

Siste nytt