Australias statsminister John Howard. (Arkivfoto)
150 av flyktningane skal til New Zealand, medan resten skal få sine asylsøknader behandla på den vesle stillehavsøya Nauru.
FN sin høgkommissær for flyktningar diskuterte den australske planen med representantar for blant andre Australia og Noreg, men møtet er no avslutta utan at det vart oppnådd semje.
FN sin generalsekretær Kofi Annan sa på si side i dag at støtta det australske framlegget til løysing.
Informasjonsdirektør Hans Christian Bangsmoen i rederiet Wilh. Wilhelmsen seier det framleis er usikkert korleis flyktningane skal fraktast til desse landa.
Han meiner flyktningane må setjast i land på Christmas Island, fordi "Tampa" ikkje kan gå frå området med så mange menneske om bord. Skipet er erklært seilingsudyktig, og det kjem ikkje på tale å seile vidare så lenge flyktningane er om bord.
Kaptein Arne Rinnan på "Tampa" ser berre to løysingar på situasjonen: Anten må flyktningane setjast i land på Christmas Island, eller så må dei flyttast over på eit anna farty. Australia står framleis fast på at flyktningane ikkje vil få kome i land på Christmas Island.
Bangsmoen understrekar at Rinnan framleis har kommandoen på skipet, trass i at australske elitesoldatar er om bord. Soldatane skal ikkje ha gjort noko forsøk på å overta kommandoen over skipet.
Norske styresmakter er usikre på om krisa med dette kan gå mot ei løysing. Pressetalsmann i Utanriksdepartementet, Karsten Klepsvik, seier at ein på norsk side er avventande, fordi spørsmålet om ilandsetjing enno ikkje er løyst. Han uttrykkjer skepsis til dei australske planane, først og fremst korleis flyktningane skal fraktast bort frå "Tampa".
Han karakteriserer Nuaru som ein liten stat utan evne til å ta seg av flyktningane.
Han seier at Noreg framleis vil hjelpe till for å finne ei løysing, men presiserer at det berre vil skje i samarbeid med FN sin høgkommissær for flyktningar.