NRK Meny
Normal

Mood: – Forståeleg at nordmenn vil kjempa i Syria

Generalmajor Robert Mood skjønar at nordmenn reiser til Syria for å delta i den brutale borgarkrigen i landet. Han fryktar likevel at dei kjem heim som terroristar.

Generalmajor Robert Mood ble utpekt som leder for FNs observatørstyrker i Syria, og var i det krigsherjede landet i sommer. Han mener det er forståelig at nordmenn reiser til Syria for å delta i borgerkrigen.

Robert Mood er norsk offiser, generalmajor og tidlegare generalinspektør for hæren. I 2012 blei han peika ut som leiar for observatørstyrken til FN i Syria.

Etter det NRK kjenner til deltek meir enn 20 norske statsborgarar i kamphandlingane i Syria, og eit titals fleire norske radikale islamistar er på veg. Etterretningstenesta har kjennskap til at minst sju av desse opererer saman med grupper som er del av terrornettverket al-Qaida

Mood var i Syria i sommar, som sjef for observatørkorpset til FN, og har sett dei brutale kampane i Syria på nært hald. Han skjønar at folk får lyst til å hjelpa syrarane.

– Det er ikkje vanskeleg å forstå at unge, idealistiske menneske ønskjer å stilla opp, reisa ut og bidra til å stoppa desse grusomheitene i dei områda der det går føre seg kampar er nesten utan sidestykke, seier Mood til NRK.

Fryktar norske Syria-soldatar blir terroristar

Robert Mood ved ankomsten til Syria 29. april.

Robert Mood ved framkomsten til Syria den 29.april i år.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

Mood meiner at dei som reiser til Syria med gode hensikter fortener honnør.

– At unge idealistiske menneske stiller opp og vil bidra der det er lidingar, verna om den sivile folkesetnaden, er jo eit godt utgangspunkt – dersom det er difor dei reiser, seier han.

Vil du då oppfordra folk til å reisa ned og bidra?

– Nei, sjølvsagt ikkje. Det er ingen grunn til å oppfordra til å auka militariseringa, radikaliseringa og valdsbruken i Syria. Her må statane i regionen og FN vera hovudsporet. Eg vil åtvara alle mot å reia til Syria. Det er mange nok aktørar der nede som bidreg til valdsbruken.

Generalmajor Mood fryktar at norske radikale islamistar som vel å reisa til Syria kjem tilbake til Noreg med ei forsterka oppfatning av at vesten svik det syriske folket - og at dette vil gjera dei til terroristar.

– Dei som no reiser til Syria vil møta denne oppfatninga av svik og håpløyse på bakken der. At dei kjem heim til Noreg desiullusjonerte kan vera farlegare enn at dei har fått våpentrening. Det vil bidra til ytterlegare radikalisering i desse miljøa i Noreg og i andre land i Europa. Dette er urovekkjande, meiner Mood.

– Ikkje første gongen nordmenn reiser ut i krig

Mohyeldeen Mohammad var ein av arrangørane av demonstrasjonen

Mohyeldeen Mohammad blei arrestert for å ha retta trugslar mot statsrådar og kongehuset i vinter. I 2010 åtvara han om at det kunne koma terroråtak mot Noreg. No kjempar den profilerte radikale islamisten i borgarkrigen i Syria

Foto: Helge Carlsen / NRK

Den profilerte norsk-irakiske islamisten Mohyeldeen Mohammad er ein av dei norske frivillige i Syria, stadfestar advokaten han.

26-åringen markerte seg først i nyheitsbiletet i 2010, då han i ein demonstrasjon mot karikaturteikningar av profeten Mohammed åtvara om at det kunne koma eit 11.september i Noreg også. I februar i år blei han pågripen av norsk politi for å ha lagt ut ein YouTube-video med trugsmål mot blant anna statsministeren.

PST åtvarar om at norske ekstremistar som dreg til Syria for å kriga kan få militæropplæring og traumatiske opplevingar der som kan gjera dei farlege for det norske samfunnet når dei vender tilbake.

– Hovudsakleg er me uroa for den treninga og dei erfaringane frå kamphandlingar som desse menneska har med seg når dei kjem tilbake til Noreg, sa nyleg sjefen for Etterretningstenesta, Kjell Grandhagen til NRK.

Har kjempa for Hitler og mot Franco

Generalmajoren Mood påpeikar at dette ikkje er første gongen nordmenn deltek frivillig i krigar utanfor landegrensene.

– Det er all grunn til å lytta til den svært kompetente etterretningstenesta vår og ta åtvaringa deira på alvor, men i den større debatten er det grunn til å minna om at nordmenn har reist ut og engasjert seg i borgarkrig tidlegare også.

Han nemner norsk innsats under den spanske borgarkrigen (1936-1939) som døme.

300 nordmenn melde seg til teneste på den republikanske sida i den tre år lange krigen. Fleire ofra også liva sine som følgje av innsatsen sin i den brutale treårs krigen mellom den republikanske regjeringa og nasjonalistane med general Francisco Franco i spissen.

Under andre verdkrig verva oppimot 6000 nordmenn seg til teneste i Waffen-SS,elitestyrkane til Adolf Hitler. Fleire hundre av dei var offiserar som fekk militærutdanning i Tyskland under krigen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt