CIA-sjef George Tenet åtvarar amerikanarane om faren for nye terrorangrep. (Reuters-foto)
Tenet sa under ei høyring i etterretningskomiteen i Senatet i den amerikanske Kongressen i Washington i dag at det kan kome terrorangrep så tidleg som denne veka, i samband med avslutninga av den store muslimske festen Haj. Han gjorde det også klart at terroristane kan kome til å bruke radioaktivt materiale, giftgass og kjemikaliar.
Spesifikk informasjon
- Informasjonen vi har fått er den mest spesifikke hittil, og passar godt med det vi veit om Al Qaida-nettverket og dei planane leiarane har hatt i mange år, sa Tenet.
Tidlegare denne månaden auka amerikanske styresmakter beredskapen i frykt for nye terroranslag. Graden av beredskap vart sett opp til organsje, som er den nest høgste. Sist beredskapen var på dette nivået var i samband med eittårsdagen for angepet på World Trade Center 11. september.
- Eg kan fortelje dykk at trusselen frå Al Qaida framleis er der, sjølv om vi har gjort viktige framsteg i kampen mot terror, sa han i talen til etterretningskomiteen i Senatet.
Tenet sa at Al Qaida stadig utviklar nye metodar å slå til på, blant anna ved å bruke bakke-til-luft-rakettar mot fly. Han nemnde også faren for at terroristar kan angripe maritime mål både frå bakken, frå under havoverflata og frå lufta.
Iran og Irak
CIA-sjefen sa blant anna at USA er sikre på at Al Qaida-nettverket er representert i både Iran og Irak. I tillegg fortalde han dei folkevalde at terroristar framleis har gøymestader i vanskeleg tilgjengelege området i Pakistan og Afghanistan.
Tenet nemnde spesielt at leiande medlemer av terroristnettverket til Abu Musab al-Zarqawi, ein nær medarbeidar av Osama bin Laden, opererer i Irak.
- Vi veit at Abu Musab al-Zarqawi-nettverket stod bak planar om giftgass-angrep i Europa, i tillegg til drapet på ein tilsett i det amerikanske innanriksdepartementet i Jordan i fjor haust, sa CIA-sjefen til komitemedlemene.
Iran og Irak har heile tida avvist at landa husar folk frå Al Qaida-nettverket.
Også sjefen for det føderale amerikanske politiet FBI, Robert Müller, deltok på høyringa i Senatet. Han sa at Al Qaida-medlemer som er i USA er den støreste interne trusselen mot tryggleiken til USA sine borgarar.
CIA-sjef George Tenet (t.h. og FBI-sjef Robert Müller poserer for fotografen i Senatet i dag. (Foto: Jason Reed, Reuters)
Hermetikk
Jusisminister John Aschcroft har gitt innbyggjarane i USA råd om å ha vatn og hermetikk i huset for minst tre dagar. Han understrekar samstundes at styresmaktene ikkje vil gjere folk flest til fangar i heimane sine av frykt for å opphalde seg utandørs.
Etter at beredskapen vart skjerpa har tryggleiken ved alle viktige flyplassar blitt strengare. Den nasjonale Ronald Reagan-flyplassen utanfor Washington DC har fleire væpna soldatar på vakt enn vanleg.
Dette gjeld også dei andre internasjonale flyplassane, ikkje minst i New York-området, som kanskje er mest utsett av alle amerikanske byar. Også Sasn Francisco med alle dei kjende bruene kan vere aktuelle terrormål.
Styresmaktene i USA fryktar også at store bustadkonsentrasjonar og hotell kan vere terrormål, det same gjeld fritidsparkar og andre stader der store folkemengder samlar seg.