Hopp til innhold

Førebels ingen EØS-konsekvensar

Støre ville ikkje vedgå at han var på eit historisk oppdrag då han i dag tala Brussel midt i mot. Førebels får dette ikkje konsekvensar for EØS-avtala.

Jonas Gahr Støre

Utanriksminister Jonas Gahr Støre smilar i Brussel måndag, trass i at han sto framføre ei krevjande oppgåve; å forklare Noreg sitt nei til postdirektivet.

Foto: Bondevik, Andreas / Scanpix

Utanriksminister Jonas Gahr Støre kom i dag til Brussel for å seie nei til EU sitt postdirektiv. Dette var første gongen ein norsk minister seier nei til EU-lovgiving.

EU reagerte verken spesielt positivt eller negativt til at Støre sat ned foten for postdirektivet.

– Dei noterte seg den norske haldninga, og inviterte Noreg til ein dialog om dei problema Noreg ser ved direktivet, seier Støre til NTB.

EØS-avtala held fram som før

Ved eit norsk veto til eit direktiv, vil EU kunne starte ein såkalt 102-prosedyre, som kan ende med at delar av EØS-avtala vert sett ut av kraft.Partane har då seks månader til forhandlingar for å kome fram til ei løysing.

Denne prosedyren i EØS-avtala enno ikkje er starta.

Det har vore mange spekulasjonar om korleis EU reagerar når Noreg no nyttar seg av reservasjonsretten for første gong.

Professor i Europarett ved Universitetet i Oslo trur bruk av reservasjonsretten vil gjere tilhøvet mellom Noreg og EU vanskelegare.

Vil ikkje kalle det historisk

Jonas Gahr Støre ville sjølv avdramatisere det heile då han prata med NRK-korrespondent Hege Moe Eriksen rett før møtet starta.

Korleis kjennes det å vere på eit historisk oppdrag?

– Det kjennes eigentleg ikkje som det. Eg er på historisk oppdrag to gongar i året når eg er i Brussel på desse møta.

Kva vil du seie til EU om postdirektivet?

Eg vil argumentere kvifor Noreg meinar direktivet gjer det vanskeleg for oss å sikre like posttenester i heile landet, og å sikre at dei som jobbar i posten har gode arbeidsrettar.

Er du spent på reaksjonane frå EU?

– Ja, det kan bli spennande å høyre, i den grad dei svarar der og då.

Støre understrekar at saka om postdirektivet ikkje er meldt inn på førehand, så EU har ikkje hatt høve til å førebu noko tilsvar til Noreg.

– Men dei les nok norske aviser og følgjer norske media, så heilt ukjend er det nok ikkje for dei, slår utanriksministeren fast.

– Redda av asken

Paal Frisvold

Paal Frisvold i Europarørsla var spent på om EU ville svare med same høflege tone som før.

Foto: Pressebilde

Leiar i Europarørsla, Paal Frisvold, var spent på reaksjonane frå EU før Støre orienterte om Noreg sitt nei til postdirektivet.

I følgje Frisvold er det ein god sjanse for at Island og Liechtenstein vil vere kritiske til Noreg sitt ønskje om å nytte reservasjonsretten.

– Men i dag vart me redda av asken. Den islandske utanriksministeren, som er kjend for å snakke i klare ordelag, kjem ikkje grunna asken, seier Frisvold.

EU sitt tredje postdirektiv opnar for full konkurranse på brevpost under 50 gram. Grasrota i Arbeidarpartiet har gått hardt ut i mot direktivet. 10. april i år sa Arbeidarpartiet sitt landsmøte nei til å gjere postdirektivet del av norsk lov, slik EØS-avtala krev.

SISTE NYTT

Siste nytt