Hopp til innhold

FN vurderer nye sanksjonar mot Nord-Korea

FNs tryggingsråd fordømmer Nord-Koreas rakettoppskyting. Utanriksminister Børge Brende meiner FN også bør skjerpe sanksjonane mot regimet.

Kim Jong-un

FN fordømmer rakettoppskytinga i natt, og kallar det ei trugsel mot internasjonal tryggleik og fred. Her er Kim Jong-un i kontrollrommet etter oppskytinga.

Foto: KYODO / Reuters

Børge Brende

FN bør utvide sanksjonane mot Nord-Korea, meiner utanriksminister Børge Brende.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Nord-Korea er eit uføreseieleg regime. Det er ein politistat med ein ung og uprøvd leiar, og vi veit ikkje kva han kan finne på, seier utanriksminister Børge Brende til NRK.

Rakettoppskytinga i Nord-Korea har gjort statsleiarar over heile verda uroa.

Det er berre fire veker sidan Nord-Korea testa det dei hevda var ei hydrogenbombe. No fryktar FN at rakettoppskytinga er eit ledd i utviklinga av eit ulovleg atomprogram.

– Dette er ei oppskyting som trugar stabiliteten i heile regionen, seier Brende.

– Bør vurdere fleire sanksjonar

I dag har FNs tryggingsråd hatt hastemøte for å diskutere korleis dei skal reagere på provokasjonen.

– Vi er samde om å fordømme denne typen brot på sanksjonane, sa Venezuelas ambassadør, og president i FNs tryggingsråd, Rafael Ramirez.

Børge Brende er uroa over at Nord-Korea både har teknologi til å utvikle kjernevåpen, og kapasitet til å skyte opp rakettar. Han meiner FN må vurdere å skjerpe sanksjonane mot regimet.

– Tryggingsrådet bør sjå på fleire sanksjonar for å hindre at Nord-Korea får meir teknologi og klarar å utvikle fleire våpen, seier Brende.

Nord-Korea feiring oppskyting

STOLTE: Folk i Pyongyang klappa og sa at dei var stolte etter å ha høyrt nyheita om at landet hadde skote opp ein obersvasjons-satellitt.

Foto: KYODO / Reuters

– Uakseptabel provokasjon

Frankrikets ambassadør til FN, Francois Delattre, seier at svakheit ikkje er eit alternativ når FN skal reagere på rakettoppskytinga i Nord-Korea.

– Jo før jo betre, og jo raskare jo betre, svarte Delattre, då han vart spurt om rådet har planar om å utvide sanksjonane mot Nord-Korea.

Japanske Motohide Yoshikawa

Japans ambassadør til FN, Motohide Yoshikawa.

Foto: Mark Lennihan / Ap

Også Japan og Storbritannia er samde, og ønskjer ein kraftig reaksjon frå FNs tryggingsråd.

– Kina ønskjer dialog, men det som trengst er ei rask innføring av tøffare sanksjonar, sa Japans ambassadør Motohide Yoshikawa, som kallar oppskytinga ein uakseptabel provokasjon.

FN er framleis ikkje blitt samde om korleis dei skal reagere på den nordkoreanske atomprøvesprenginga i januar.

Kina og USA har dei siste vekene diskuterte ei eventuell utviding av dei eksisterande sanksjonane. Ifølgje diplomatar skal desse samtalane halde fram dei kommande vekene.

Brot på resolusjonar

NATOS generalsekretær Jens Stoltenberg.

NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg fordømmer rakettoppskytinga i Nord-Korea.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Også NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg fordømmer Nord-Koreas rakettoppskyting.

Stoltenberg seier rakettoppskytinga bryt med fem resolusjonar som er vedtekne av FNs tryggingsråd, og han oppmodar regimet i Pyongyang om å ikkje kome med fleire provokasjonar.

Nord-koreanarane sjølve hevdar at raketten har ein satellitt som skal overvake jorda, medan mange fryktar at oppskytinga var ein test av rakettar som kan nå det amerikanske fastlandet.

Vil utplassere rakettsystem

Sør-Korea og USA skal begynne formelle samtalar om utplassering av eit amerikansk rakettforsvarssystem på den koreanske halvøya.

Kina er svært kritisk til ideen om å utplassere eit amerikansk rakettforsvarssystem i regionen, men sørkoreanske styresmakter understrekar at systemet berre skal sikte seg mot Nord-Korea.

SISTE NYTT

Siste nytt