Hopp til innhold

FN varslar nye straffetiltak mot Nord-Korea

FNs tryggingsråd fordømmer prøvesprenginga Nord-Korea annonserte onsdag morgon, trass i at det truleg ikkje var ei hydrogenbombe slik regimet hevdar.

NKOREA-MILITARY-NUCLEAR-UN-MEET

FNs generalsekretær Ban Ki-Moon, som sjølv er frå Sør-Korea, uttrykte på eit hastemøte onsdag uro over utviklinga i Nord-Korea og deira atomprogram.

Foto: - / Afp

På eit hastemøte onsdag ettermiddag varsla dei ein resolusjon som vil innebere ei innstramming av straffetiltaka som allereie er påført Nord-Korea sidan 2006, etter at landet starta atomprøvesprengingar og rakettoppskyting.

«Ein trugsel mot verdsfreden»

Nord-Korea hevda onsdag morgon at dei har prøvesprengt ei hydrogenbombe, eit kjernefysisk våpen med ein langt større kraft enn ei vanleg atombombe.

– Den første delen er sprengstoff som sprenger uran/plutonium og får ei vanleg atombombe. Energien dette utløyser får hydroget til å gå gjennom den same prosessen som på sola og etter kort tid har ein ei hydrogenbombe, seier Nils Bøhmer, atomfysikar i Bellona, til NRK.

Daglig leder i Bellona, Nils Bøhmer, forklarer i Dagsrevyen hvordan en hydrogenbombe fungerer

Sjå atomfysikar Nils Bøhmer forklare hydrogenbomba her

Det er fjerde gongen det kommunistiske diktaturet gjer prøvesprengingar med kjernefysiske våpen, men om det er ei hydrogenbombe vil dette vere nytt, og verdas leiarar har ein etter ein kome med kraftige reaksjonar mot regimet. Tryggingsrådet kalla prøvesprenginga ein trugsel mot verdsfreden.

Til og med Kina, som er allierte med Nord-Korea, har sagt at dei er sterkt imot prøvesprengingane og at dei overvakar grenseområda i nordaust.

Nabolandet Sør-Korea er naturleg nok ekstra vare på kva regimet i nord gjer. Seinast i haust var det skyting på grensa mellom dei to landa.

Tvilar på at det er ei hydrogenbombe

Ekspertar meiner derimot at det er usannsynleg at det Nord-Korea fyrte av faktisk var ei hydrogenbombe. Sør-koreansk etterretning meiner ristinga burde ha vore mange gonger større enn den som vart målt, med 5,1 på Richter-skalaen.

South Korea North Korea Nuclear

Ristinga i jordskorpa var ikkje sterke nok til at det kan vere ei hydrogenbombe, meinte sør-koreanske seismologar.

Foto: Lee Jin-man / Ap

Også Det kvite hus sa at deira foreløpige analysar ikkje stemmer med ein vellukka hydrogenbombetest, men det kan ta veker føranalysanee er fullstendige, om det i det heile er mogleg, ifølge Associated Press.

USA har fly spesielt laga for å avdekke spor etter atomtestar utplasserte på den japanske øya Okinawa, men Nord-Korea gjer så godt dei kan i å skjule testane ved å gjere dei under bakken og å stenge av tunnelar eller andre vegar inn til kjelda, for å hindre radioaktivt avfall i å forsvinne.

SISTE NYTT

Siste nytt