Hopp til innhold

FN-rapport: Klimaendringar set ein milliard barn i fare

FN sitt barnefond Unicef seier at ein milliard barn i 33 land er i ekstrem fare på grunn av klima- og miljøtruslar.

Gutt i uttørket jorde i Irak

Irak er blant landene som rammes hardest av klimaendringene. En gutt ser ut over et landbruksområde i Saadiya area, nord for Diyala som er rammet av hete og vannmangel denne sommeren.

Foto: Ahmad Al-rubaye / AFP

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Talet kjem fram i Unicefs klimarisikoindeks for barn, som er den første slike rapporten frå Unicef. Dei har samla inn og analysert fakta om barn frå 163 land i verda.

Rapporten viser at barn i Afrika og deler av Asia er dei mest utsette, og at mange står i ekstrem fare på grunn av klimaendringane.

99 prosent av alle barn i verda er utsett for minst éin klimatrussel, heiter det i rapporten.

– Klimaendringane er djupt urettvise. Sjølv om barn ikkje er ansvarlege for stigande globale temperaturar, er det dei som må betale den høgaste prisen. Barna frå dei landa som er minst ansvarlege for klimaendringar, vil lide aller mest, seier direktør i Unicef, Henrietta Fore.

Unicef-rapport om barn og milgøfare
Foto: Skjermdump

Meir sårbare, mange i livsfare

I rapporten heiter det at barn er meir sårbare for klimaendringar enn vaksne, mellom anna fordi det er større fare for at dei kjem til skade fysisk eller psykisk.

Klimaendringane fører til auka risiko for død for fleire barn, heiter det.

– For første gong har vi eit komplett bilete av kor sårbare barn er for klimaendringar, og det biletet er frykteleg. Nesten ingen barn vil vere upåverka, seier Fore.

Rapporten viser at ein milliard barn er utsette for ekstremt høge nivå av luftforureining. 920 millionar barn er sterkt utsett for vassmangel, medan 820 millionar er sterkt utsett for hetebølgjer.

Fem krav frå Unicef

Unicef kjem med fem klare råd til styresmaktene, næringslivet og aktuelle organisasjonar: Dei bør:

  • Auke investeringane i klimatilpassing av tenester for barn.
  • Redusere utsleppa i samsvar med Parisavtalen med omfattande og akutte tiltak.
  • Gi barna klimaopplæring og miljøferdigheiter.
  • Inkludere unge menneske i alle nasjonale, regionale og internasjonale klimaforhandlingar.
  • Sørgje for ein grøn, karbonfattig og inkluderande gjenoppbygging etter pandemien.

Aktivist ber politikarane lese rapporten

Risikoindeksen blir sleppt på dagen tre år etter at svenske Greta Thunberg starta skulestreiken sin for klimaet utanfor den svenske Riksdagen. Thunbergs demonstrasjonar har spreidd seg verda rundt.

Ein av dei som har late seg inspirere av den svenske aktivisten, er Penelope Lea (17), som er Unicef-ambassadør. Ho påpeikar at det er dei unge som må handtere skadane av klimaendringane.

Klimastreiker og medlem av Barnas klimapanel Penelope Lea på MDG Landsmøte

Unicef-ambassadør Penelope Lea ber politikarane lese rapporten før valet.

Foto: Ola Vatn / NTB

– Dette gjeld i Noreg, men også i eit globalt perspektiv. For oss er det heilt avgjerande at vi endrar måten vi står i krisa på. Samtidig sit ikkje vi med makta til å handle i dag, men det gjer dei eldre, seier Lea.

– Klimakrisa truar tryggleiken vår, freden og forsterkar alle andre kriser og konfliktar. Eg håpar at alle dei norske politikarane før valet les den nye indeksrapporten, legg ho til.

Bastholm: Vi må handle no

Miljøpartiet dei Grønes leiar, Une Bastholm, seier at rapporten er nok eit bevis på kor livsfarleg klimatrusselen er, kor urettvist han treffer og kor mykje det hastar med å ta grep.

Ho meiner at vaksne politikarar i rike land bør agere no.

– Klimakrisa er ei krise for barn og unge i heile verda, men det er barna i dei landa som har bidrege minst til krisa som blir hardast ramma. Som eit av dei rikaste landa i verda, ein rikdom vi delvis har bygd på eksport av olje og gass, har vi i eit sterkt moralsk ansvar for å gå føre i klimakampen, seier ho til NTB.

klimastreikende barn og unge utenfor Stortinget.

Klimastreikande barn og unge i ein demonstrasjon utanfor Stortinget i 2019.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Bastholm seier det betyr å slutte å leite etter meir olje og gass, gi meir i klimabistand og kutte raskare her heime.

– Allereie i dag er ein milliard barn i ekstrem fare som følgje av klima- og naturkrisa. Viss vi ikkje sluttar å pumpe ut klimagassar i atmosfæren, så vil det bli verre, seier Bastholm.

SISTE NYTT

Siste nytt