Hopp til innhold

FN-rapport: – Terskelen for folkemord er nådd

Det er grunn til å tru at Israel har drive handlingar som kan reknast som folkemord, viser ny FN-rapport. Israel og USA avviser skuldingane.

Palestinarar går gjennom ruinane av Gaza by etter snart eit halvt år med krig.

I RUINAR: Palestinarar går gjennom ruinane av Gaza by etter snart eit halvt år med krig.

Foto: Reuters

– Dei israelske angrepa sitt omfang, karakter og dei destruktive levevilkåra dei har ført til, avdekker ei hensikt om å fysisk øydelegge palestinarane som gruppe, heiter det i rapporten.

Orda er ført i pennen av Francesca Albanese, FN sin spesialrapportør for dei palestinske områda.

Albanese meiner det er tydelege indikasjonar på at Israel har brote tre av fem lover i FN sin folkemordkonvensjon.

Rapporten peikar også på teikn til etnisk reinsing.

Les også FNs sikkerhetsråd krever umiddelbar våpenhvile i Gaza

Overblikk, FNs sikkerhetsråd

Israel nektar

Israel sin diplomatiske delegasjon i Genève reagerer sterkt på dei grove skuldingane og seier at dei «fullstendig avviser rapporten».

– Dette er berre ei forlenging av ein kampanje for å undergrave den jødiske staten, heiter det i eit utsegn.

Israel har lenge vore kritiske til Albanese. I februar trakk landet visumet hennar etter utsegn der ho avviste at terrorangrepet 7. oktober i fjor var antisemittisk.

Ein anonym amerikansk tenestemann seier til nyheitsbyrået AFP at USA «ikkje har nokon grunn til å tru at Israel har drive folkemordhandlingar i Gaza».

Les også Rapport: Israel ikke lenger et liberalt demokrati

Israel Netanyahu Trial

Krev våpenkvile

Tryggingsrådet i FN stemte måndag gjennom eit forslag om umiddelbar våpenkvile i Gaza under fastemånaden ramadan.

Lovforslaget tar også til orde for at lauslating av alle gislar og naudhjelp inn i Gaza.

For første gong gjekk forslaget gjennom utan at nokon av stormaktene la ned veto. USA avstod frå å stemme.

Ifølge Folkeretten må både Israel og Hamas etterleve resolusjonane som Tryggingsrådet vedtar.

Hamas seier dei står klare til å delta i fangeutveksling. Israel på si side, har ikkje kommentert lovforslaget direkte - men svarte med å avlyse eit planlagt besøk til Washington.

14 av 15 medlemsland i FN sitt Tryggingsråd stemte for ei umiddelbar våpenkvile.

14 av 15 medlemsland i FN sitt Tryggingsråd stemte for ei umiddelbar våpenkvile.

Foto: AFP

Bakkeoffensiv

Israel sin forsvarsminister Yoav Gallant er på plass i Washington denne veka.

I møte med USA sin utanriksminister Antony Blinken, blei han konfrontert med den varsla bakkeinvasjonen av Rafah.

Den vesle byen sør på Gazastripa har gått frå 280.000 innbyggarar til 1,5 millionar palestinarar. Dei fleste er internt fordrivne som bur i provisoriske teltleirar.

Blinken tok til orde for andre alternativ for å ta vare på sivile palestinarar og sikre Israel sin tryggleik.

Før møtet sa talsperson Matthew Miller i det amerikanske utanriksdepartementet at å gå inn i Rafah vil vere ein feil som vil svekke Israel sin tryggleik.

Tysdag skal den israelske forsvarsministeren møte USAs forsvarsminister Lloyd Austin.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.