Ein konvoi med fire minibussar køyrde ut frå hovudkvarteret i Bagdad like før klokka seks i dag tidleg norsk tid. - Det er svært uheldig, men vi må reise. Dette er ei avgjerd teken på høgste hald, seier talsmannen for inspektørane, Hiro Ueki.
FN sine våpeninspektørar reiser frå Bagdad i dag. (Arkivfoto: F. Khelberg, Reuters)
Like etter klokka åtte norsk tid letta flyet med dei 136 våpeninspektørane frå Saddam internasjonale flyplass i Bagdad med kurs for Kypros.
Generalsekretæren i FN, Kofi Annan, gav i går ettermiddag ordre til alle som arbeider for FN i Irak om å reise frå landet. Dette gjeld våpeninspektørane, støtteapparatet til inspektørane og medarbeidarar i FN sine humanitære program.
Fleire av våpeninspektørane sjekka ut av hotella sine alt i går ettermiddag. Eit fly har stått klart på flyplassen i Bagdad for å ta inspektørane ut.
Eit amerikansk-leidd angrep på Irak kan kome så tidleg som natt til torsdag. 48-timarsfristen går ut klokka to natt til torsdag, og frå det tidspunkt kan angrepet kome når som helst.