FN-domstol pålegg USA å oppheve Iran-sanksjonar

FNs internasjonale domstol i Haag pålegg USA å oppheve sanksjonar som kan gå ut over tryggleiken for sivil luftfart og humanitær hjelp til Iran.

Donald Trump

Donald Trump får motstand frå det øvste juridiske organet i FN.

Foto: Evan Vucci / AP

USA trekte seg tidlegare i år frå atomavtalen med Iran, som var forhandla fram av USA, Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og EU.

I august varsla president Donald Trump at landet igjen innfører straffetiltak mot Iran.

Laster Twitter-innhold

«Sanksjonane mot Iran har offisielt tredd i kraft. Dette er dei hardaste sanksjonane som nokon gong er sette i verk, og i november vert dei heva endå eit nivå», skreiv Trump på Twitter.

Sterke reaksjonar

Han skreiv også at land som gjer forretningar med Iran, ikkje får drive handel med USA.

Internasjonalt har det vore sterke reaksjonar på straffetiltaka. Og Iran klaga USA inn for FN-domstolen ICJ i sommar. Utanriksminister Mohammad Javad Zarif har kalla tiltaka for psykologisk krigføring.

Den internasjonale domstolen er det øvste juridiske organet i FN.

I avgjerda som kom onsdag, heiter det mellom anna at straffetiltaka mot Iran ikkje må gå ut over flytryggleiken og humanitær hjelp. Andre delar av sanksjonane er ikkje behandla av domstolen.

Oslo Forum på Losby Gods.

Utanriksministeren i Iran, Mohammad Javad Zarif under Oslo Forum på Losby Gods i fjor.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Omfattande tiltak

Då USA varsla at sanksjonane ville komme, opplyste dei at det ville skje i to omgangar. Dei første sanksjonane blei sette i verk med ein gong, og var meint å ramme nokre av dei viktigaste eksportnæringane.

I november innfører USA også sanksjonar som rammar olje- og banksektorane, i håp om å setje ein stoppar for oljeeksporten, som er den viktigaste inntektskjelda til Iran.

Kina, India og Tyrkia, som alle er store importørar av olje frå Iran, har gjort det klart at dei ikkje vil kutte importen. Også EU er svært kritiske til sanksjonane mot Iran.

SISTE NYTT

Siste nytt