Trump trugar alle som handlar med Iran

«Dei som gjer forretningar med Iran, kjem ikkje til å gjere forretningar med USA», skriv president Donald Trump på Twitter. USA har innført nye sanksjonar mot Iran.

Donald Trump

President Donald Trump åtvarar alle som vurderer å gjere forretningar med Iran.

Foto: Evan Vucci / AP

«Sanksjonane mot Iran har offisielt tredd i kraft. Dette er dei hardaste sanksjonane som nokon gong er sette i verk, og i november vert dei heva endå eit nivå», skriv Trump på Twitter.

Tysdag morgon innførte USA nye sanksjonar mot Iran. Det skjer etter at Trump i mai trekte USA ut av den internasjonale atomavtala med Iran. No åtvarar Trump alle som vurderer å gjere forretningar med Iran.

«Dei som gjer forretningar med Iran, kjem IKKJE til å gjere forretningar med USA. Eg ber om FRED I VERDA, ikkje noko mindre!»

Laster Twitter-innhold

Hardt ramma

USA innfører sanksjonar i to omgangar. Dei første starta tysdag morgon, og kjem til å ramme nokre av dei viktigaste eksportnæringane.

Eksport av pistasjnøtter og teppe vert ramma hardt. Landet kjem truleg til å miste inntekter frå sal av 5400 tonn teppe til USA, og 96.000 tonn pistasjnøtter til Kina.

Bil- og metallindustrien vert også ramma. Det franske selskapet PSA som produserer Peugeot trekkjer seg ut av landet. Sal av 230 fly vert stansa, og det er sanksjonar på å handle gull, stål og aluminium med Iran.

Iranarane får heller ikkje kjøpe amerikanske dollar og amerikanske banktenester.

I november innfører USA også sanksjonar som rammar olje- og banksektorane, i håp om å setje ein stoppar for oljeeksporten, som er den viktigaste inntektskjelda til Iran.

Kina, India og Tyrkia, som alle er store importørar av olje frå Iran, har gjort det klart at dei ikkje vil kutte importen. Også EU er svært kritiske til sanksjonane mot Iran.

Protestar

Iranarane har alt merka fleire økonomiske konsekvensar av at USA har trekt seg frå atomavtala med Iran. Det har ført til ei rekkje demonstrasjonar i landet.

Foto: AP

Eigne mottiltak frå EU

Sjølv om USA står åleine om å innføre sanksjonar, kjem dette til å få konsekvensar for ei rekkje selskap som handlar med Iran. EU vil derfor gjere det ulovleg for europeiske selskap å overhalde sanksjonane.

Federica Mogherini

EUs utanrikssjef Federica Mogherini seier det er opp til europearane kven dei ønskjer å gjere handel med.

Foto: Yong Teck Lim / AP

– Vi er fast bestemte på å verne europeiske økonomiske aktørar som lovleg samhandlar med Iran, heiter det i ei felles fråsegn frå Storbritannia, Frankrike, Tyskland og EUs utanrikssjef Federica Mogherini.

Dei nye vedtektene frå EU er eit verktøy som skal hjelpe europeiske selskap til å sleppe unna amerikanske sanksjonar. I tillegg vil selskapa kunne få erstatning for økonomiske tap dei får på grunn av sanksjonane.

Mogherini seier at å oppmode til handel med Iran er avgjerande for atomavtala.

– Vi gjer vårt beste for at Iran skal bli i avtala, og for at dei skal få nyte godt av dei økonomiske fordelane som avtala gir. Med tanker på tryggleiken, trur vi det er i alle sine interesser, seier ho, ifølgje Washington Post.

– Psykologiske krigføring

Alt før sanksjonane tredde i kraft, har det vore fleire protestar i Iran. Dei er uroa for kva konsekvensar sanksjonane kan få for økonomien i landet.

Hassan Rouhani

Irans president Hassan Rouhani har åtvara Trump mot å innføre sanksjonar mot Iran.

Foto: Lisi Niesner / Reuters

Iranarane har alt merka fleire av konsekvensane. Verdien på den iranske valutaen, Rial, er blitt meir enn halvert sidan mai, og folk har strøyma til bankane for å ta sparepengane sine. Det har også vore kraftig prisauke på ei rekke matvarer.

Irans president Hassan Rouhani meiner USA har som mål å splitte det iranske folk og kallar innføringa av dei nye sanksjonane for psykologisk krigføring.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt