Hopp til innhold

Flyttar om Morialeiren blir bygd opp igjen

LESVOS, HELLAS (NRK): Innbyggarane i den vesle landsbyen Moria fortel at den store flyktningleiren 300 meter unna er i ferd med å øydelegge heile lokalsamfunnet.

Heftig diskusjon ved kafebordet midt i Moria sentrum.

Heftig diskusjon ved kafebordet midt i Moria sentrum.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

NRK møter leiaren for næringsrådet i landsbyen Moria, som ligg knappe 300 meter unna leiren av same namn.

Sotiris Marinatos fortel at migrantane stel sauer frå beite, og at det nesten har blitt umogeleg å drive jordbruk i området. Bustadprisane har stupt, og bedrifter må flytte eller legge ned.

Landsbyen har bedt styresmaktene på Lesvos om hjelp, men ingenting har skjedd:

– Ingen høyrer på klagene våre, vi føler oss frykteleg dårleg behandla, vi trur ikkje lenger på dei lokale styresmaktene.

Han fortel at mange vart redde da dei såg flammane frå brannen i leiren på onsdag. Og no fryktar dei at landsbyen blir oversumt av migrantar som ikkje har nokon stad å gjere av seg.

Sperrar for hjelpeorganisasjonane

Ein steinkast unna sperrar lokale aktivistar vegen med lastebilar og anleggsmaskiner for å hindre at hjelpeorganisasjonane fraktar inn telt til ein ny midlertidig leir. Dei håpar leiren aldri meir blir gjenreist og at migrantane blir flytta til ein annan stad i Europa.

Dei vil ikkje stå fram med namn fordi dei risikerer å bli politimeldt for sivil ulydnad.

Eit lokaltborgarvern sperrar av vegen inn til Morialeiren. Dei slepp berre forbi privatbilar.

Eit lokaltborgarvern sperrar av vegen inn til Morialeiren. Dei slepp berre forbi privatbilar.

Foto: Gunnar Bratthammer

Ein person NRK snakkar med, fortel han ikkje har noko personleg mot migrantane. Han fortel at bestemora hans var flyktning frå Tyrkia, og at han godt veit kor vondt det er å vere på flukt.

Men det er meir enn eit lokalsamfunn kan tole å få 13.000 menneske så tett inn på kroppen.

Dette er siste sjanse

Ved kafebordet i Moria får NRK smake lokal ost og spekemat. Marinatos fortel han håpar den greske statsministeren no vil gripe inn og hjelpe dei.

– Det er vårt siste håp, elles må vi reise herifrå. Det er ikkje lenger råd å bu her.

Sotiris Marinatos

Sotiris Marinatos på stamcafeen i Moria.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt