Hopp til innhold

Fleire tekne etter mafiamassakre

Italienske påtalemakter har arrestert fleire personar etter likvideringa av seks italienarar i Tyskland.

Skjerpet sikkerhet i Sør-Italia etter mafiadrap i Tyskland

Det var skjerpa sikkerheit i Sør-Italia etter mafiadrapa i Tyskland.

Foto: STRINGER/ITALY / REUTERS

Sjå også: Se levende bilder fra åsstedet

Politiet skal ha arrestert over 30 personar, ifølgje etterforskingsleiar Antonio Fiano.

Seks menn mellom 16 og 38 år vart skotne og drepne i den tyske byen Duisburg for to veker sidan.

Både tysk og italiensk politi meiner drapa var ein hemnaksjon etter ei årelang feide mellom to familiar.

Begge familiane høyrer til mafiaorganisasjonen Ndrangheta i Sør-Italia.

Stor aksjon

Arrestordrane som vart skrivne ut, var alt frå mord til våpensmugling og medverknad til kriminelle handlingar.

350 personar var tok del i arrestasjonane. Aksjonen fann stad i San Luca i Italia.

To brør til to av offera i Duisburg var mellom dei arresterte.

Feira 18-årsdag

Drapet i Duisburg skjedde i ein italiensk restaurant der offera feira ein 18-årsdag.

Les også: Mafiadrept etter 18-årsfeiring

Dei drepne vart funne i to køyrety i eit parkeringshus nærme restauranten.

Skjula seg bak pizzarestaurantar

Ndrangheta-organisasjonen skal ha ein årleg omsetnad på 40 milliardar euro.

Dei skal ha eigedommar på fem kontinent og investerar på Frankfurt-børsen.

Organisasjonen skal ha slått rot i Duisburg-regionen for tjue år sidan. Bak pizzarestaurantar skjula dei våpen- og narkotikahandel, og kvitvasking av pengar.

Sørger

Sørgjande etter drapa i Duisburg, Tyskland.

Foto: INA FASSBENDER / REUTERS

 

SISTE NYTT

Siste nytt