Hopp til innhold

Fleire skadde i svensk togulykke

– Vindauga knuste og det var glasbitar overalt. Alle i vogna vart paralyserte, seier Ylva da Silva (49) som var ombord på toget.

Fleire skadde i togkrasj

Eit hurtigtog av typen X2000 fekk store skader etter at det krasja med ein traktor ved Kimstad stasjon.

Foto: Niklas Luks / Blåljus.se

Redningspersonell i arbeid på ulykkesstaden

Redningspersonell i arbeid på ulykkesstaden.

Foto: Björn Persson / Scanpix
Toget fekk store skader langs heile venstre side

Toget fekk store skader langs heile venstre side.

Foto: Björn Persson / Scanpix

18 personar er skadde i ein kollisjon mellom eit tog og ein traktor ved Kimstad stasjon i Östergöterland i Sverige. Tre personar skal vere alvorleg skadde, melder det svenske nyheitsbyrået TT.

Fleire personar var fastklemde etter ulykka, men alle er no evakuerte, skriv lokalavisa Norrköpings Tidende.

Det var ifølgje avisa 244 personar ombord i toget då det krasja. Ingen misste livet i ulykka.

– Glasbitar overalt

Augevitne fortel at det er kaos på staden, der politi og redningspersonell fraktar vekk skadde menneske. Ein vegg på toget skal vere fullstendig trykt inn.

Det er knuste vindauge over store deler av vogna og blod på sete, golv og veggar, fortel augevitne.

49 år gamle Ylva da Silva var med på toget, og seier ho er sjokkert etter hendinga.

– Det small godt. Vindauga knuste og det var glasbitar overalt. Alle vart paralyserte. Eg sat i den vogna som virkar å ha fått den største smellen, seier ho til Sveriges Radio.

Ho fortel at det var dramatisk, men at folk har halde seg nokolunde rolege. Andre passasjerar seier dei trudde dei skulle dø:

Vedlikehaldsarbeid

– Det har pågått vedlikehaldsarbeid ved jarnbanen der ulykka skjedde. Ifølgje den informasjonen eg har, skal eitt køyrety eller verkty ha treft toget i sida, seier talsmann for politiet Michael Skoog til det svenske nyheitsbyrået TT.

Korleis det har gått med personen som køyrte traktoren, er framleis uklart.

– Føraren av toget har heller ikkje kunne fortalt noko om kva som hende, sidan han er i sjokk, seier pressetalsmann Tobbe Lundell i Trafikverket.

Toget gjekk frå Stockholm 17.40 og var på veg til Malmø og Københamn. Politiet fekk ifølgje Sveriges Radio melding om ulykka klokka 19.41. Toget skulle ha vore framme i Malmø like etter klokka 22.

Tar hand om passasjerane

Trafikken på jarnbanen mellom Linköping og Norrköping vil vere stengd minst fram til midnatt, opplyser Trafikverket.

Dei passasjarane som ikkje er skadde, er evakuerte til ein samlingsplass like ved. Bussar er på veg til å frakte dei til jarnbanestasjonen i Linköping. Det skal ha vore mange barn og unge blant passasjerane, mellom anna ei skuleklasse og eit innebandylag.

– No set vi inn alt vi kan på å ta hand om passasjerane. Seinare må vi greie ut om korleis dette kunne skje, seier pressetalsmann Lundell ved Trafikverket.

Kimstad, Sverige

SISTE NYTT

Siste nytt