Hopp til innhold

Fire journalistar sette fri i Libya

Fire New York Times-journalistar som var sakna i Libya, vart måndag sette fri av libyske styresmakter.

Sakna journalistar sleppt fri

Fire av dei mange internasjonale journalistane som har vorte fengsla i Libya, vart måndag sette fri. Frå venstre: Stephen Farrell, Tyler Hicks, den tyrkiske ambassadøren Levent Sahinkaya, Lynsey Addario og Anthony Shadid.

Foto: Ap

Dei fire journalistane dekte konflikten mellom regjeringa og opprørsstyrkane i det nord-afrikanske landet då dei tysdag førre veke vart tekne til fange i den austlege byen Ajdabiya.

Journalistane vart måndag overleverte til den tyrkiske ambassaden i Tripoli, opplyser utanriksministeren i Tykria, Ahmet Davutoglu. Seinare på dagen blei dei transportert ut av landet, over grensa til Tunisia, skriv The New York Times.

Blant dei fire som vart fengsla av Gaddafi-styrkane, var to gonger Pulitzer-vinnar Anthony Shadid.

LIBYA-TURKEY/JOURNALISTS

Fire journalistar er måndag sette fri og tranporterte ut av Libya. Ein norsk journalist er framleis sakna.

Foto: HO / Reuters

Arrestasjonar og mishandling

Fleire utanlandske journalistar har vorte fengsla medan dei har rapportert til fjernsynskanalar og aviser om uroa i Libya.

Ein nordmann og tre andre journalistar som arbeider for fjernsynskanalen Al Jazeera, har sete fengsla i Tripoli sidan den 7.mars.

To franske journalistar og ein fotograf har også vore sakna i landet sidan fredag, då dei oppheldt seg i den austlege byen Tobruk.

I byrjinga av mars blei tre BBC-journalistar arresterte og kraftig mishandla av Gaddafi-lojale soldatar.

SISTE NYTT

Siste nytt