Hopp til innhold

Ferje ute av kontroll gjekk rett i moloen

13 passasjerar vart skadde då ei ferje gjekk rett på ein betongmolo i Puerta de la Luz på Gran Canaria i går kveld. Sjå den dramatiske videoen her.

Mistet kontrollen. 13 personer skadet etter krasje, melder spanske myndigheter

VIDEO: Sjå ferja gå rett i moloen.

Manolo Vidal, talsmann for ferjeselskapet Naviera Armas, seier at skipet var på veg ut av hamna i Puerta de la Luz utanfor Las Palmas då straumen om bord plutseleg vart borte. Dermed var det ikkje lenger mogleg å styre passasjerferja, og samanstøyten med betongmoloen var ikkje til å unngå.

Moloen blir kalla Nelson Mandela, etter den sørafrikanske fridomshelten.

Stor skade

Videobileta viser korleis skipet gjer stor skade på moloen i samanstøyten. Ferja var på veg til Santa Cruz på naboøya Tenerife.

Fem av dei skadde passasjerane hadde så alvorlege skadar at dei måtte til behandling på sjukehus. Det var 140 passasjerar og eit mannskap på 33 om bord på ferja då ulukka skjedde.

Manolo Vidal seier at mannskapet greidde å få i gang igjen straumforsyninga, og at ferja greidde å gå til kai for eigen maskin.

Dieselutslepp

Ein dieselleidning som gjekk langs moloen vart så skadd i ulukka store mengder drivstoff lak ut i havet. Det blir fortalt om eit dieselflak med ei utstrekning på tre kilometer. Dei regionale styresmaktene reknar med at mellom 100.000 og 200.000 liter diesel gjekk i havet.

Det er sett i verk ein kriseplan for å samle opp dieselen.

SISTE NYTT

Siste nytt