Hopp til innhold

Nytt angrep mot jødar i USA: – Dette er ei terrorhandling

Ein mann stakk og skadde fem personar under ei jødisk feiring nord for New York. Mange er redde etter nok eit angrep retta mot jødar i og rundt New York, seier organisasjon.

To menn står ved politibil etter knivstikking under jødisk feiring i New York.

Knivangrepet nord for New York natt til søndag, norsk tid, er det siste i ei rekke angrep retta mot det jødiske samfunnet i New York. Angrepa har skapt frykt, seier ein borgarrettsorganisasjon.

Foto: EDUARDO MUNOZ

Angrepet skjedde i det som skal vere heimen til ein lokal rabbi i landsbyen Monsey i Ramapo, som ligg rundt ein time nord for New York. Det var fleire menneske samla der for å feire den jødiske høgtida hanukka.

Under feiringa kom det inn ein maskert person som byrja å stikke fleire av gjestane. Fem blei sende til sjukehus med skadar. For to av dei skal tilstanden vere kritisk, ifølgje organisasjonen OJPAC.

Gjerningspersonen flykta frå åstaden i bil. Politiet i New York fann bilen hans nokre timar etter angrepet. Den mistenkte blei arrestert i Harlem, men motivet for handlinga er ikkje kjent, skriv The New York Times.

– Dette er ei terrorhandling. Eg meiner dette er innanlandske terroristar. Dei prøver å skape frykt. Dei blir motiverte av hat. Dei gjennomfører masseangrep. Dette er terroristar i USA som gjennomfører terror mot andre amerikanarar, seier guvernør Andrew Cuomo.

Flere personer skal lørdag kveld ha blitt knivstukket i en synagoge i Monsey i New York

Fleire personar skal laurdag kveld ha blitt knivstukne i ei synagoge i Monsey i New York

Fordømmer angrepet

Angrepet skjedde raskt, seier Aron Kohn som var ein av gjestane som var til stades då gjerningsmannen tok seg inn i huset.

– Han starta å angripe folk i det han kom inn døra. Vi rakk ikkje å reagere, seier han til The New York Times.

Fylkesleiar Ed Day i Rockland County, der Monsey ligg, fordømmer angrepet.

– Politiet i Rockland skal snu kvar stein for å finne dei som er skuldige for dette brotsverket og sørge for at dei får ei streng og rettferdig straff, seier han i ei fråsegn.

Også Israels president, Reuven Rivlin, fordømmer angrepet på Twitter søndag.

– Eg er sjokkert og rasande over det forferdelege angrepet i New York, og ber for dei skadde. Antisemittisme er ikkje berre eit jødisk problem. Vi må samarbeide for å konfrontere dette aukande vondet, som er eit reelt globalt trugsmål.

Guvernør i New York Andrew Cuomo

New York-guvernør Andrew Cuomo fordømmer angrepet som skjedde natt til søndag, og at det er nulltoleranse for antisemittisme i New York.

Foto: Seth Wenig / Seth Wenig

Ifølgje The New York Times er om lag 31 prosent av innbyggarane i Rockland jødar. Mange av dei ortodokse jødane i USA bur i dette området.

Guvernør i New York, Andrew M. Cuomo, skriv på Twitter at han er sjokkert over angrepet, og at det er nulltoleranse for antisemittisme i New York. Han skriv at han har bede hatkrimgruppa i statspolitiet om å etterforske brotsverket.

Fleire angrep den siste tida

Angrepet i Money er det siste i ei rekke angrep retta mot jødar i og rundt New York, og skjer berre ein månad etter at ein mann måtte til sjukehus etter at han blei stukken på veg til ein synagoge i Monsey. Det er uvisst om nokon er sikta for angrepet.

I desember gjekk to menn til angrep på ein jødisk butikk i New Jersey. Seks personar mista livet i skytinga, inkludert dei to gjerningsmennene. Statsadvokat Gurbir Grewal i New Jersey sa at angrepet var eit uttrykk for jødehat.

Skyting New Jersey

Tre personar blei skotne og drepne då to menn gjekk til angrep på ein jødiske butikk i New Jersey i desember. I skotvekslinga som følgde blei dei to gjerningsmennene og ein politi også drepne.

Foto: LLOYD MITCHELL

Berre den siste veka har det ifølgje politiet vore minst seks angrep rundt New York som kan ha bakgrunn i antijødiske haldningar. Det har ført til at patruljeringa i jødiske nabolag i New York blei trappa opp før helga, skriv The New York Times.

Leiar for New York-avdelinga av borgarrettsorganisasjonen Anti-Defamation League, Evan Bernstein, seier mange er redde etter det som har skjedd den siste tida.

– Det vi har sett dei siste vekene, er det verste eg har opplevd i mine seks og eit halvt år i Anti-Defamation League, seier han til The New York Times.

SISTE NYTT

Siste nytt