Den drepne kvinna skal ha arbeidd for tollvesenet ved grenseovergangen Rafah. Ho vart treft under ei skotveksling mellom israelske soldatar og væpna palestinarar ved grenseovergangen.
Ei anna israelsk kvinne er skoten i skuldra, blir det meldt frå Gaza.
Grenseovergangen Rafah er også stengt etter skytinga. Rafah er bemanna av både palestinarar og israelarar, men Israel har ansvaret for tryggleiken.
Palestinsk gruppe tar på seg skulda
Litt seinare på føremiddagen vart ein palestinsk gut skoten og drepen av israelske soldatar i samanstøytar ved grenseovergangen Karni mellom Gaza og Israel.
Seinare vart ei annan palesetinsk tenåring skoten og drepen av israelske soldatar som vaktar ei jødisk busetjing nær Khan Yunis i Gaza.
Ei radikal palestinsk gruppe seier at dei stod bak drapet på den israelske kvinna. Dei skaut med automatvåpen mot ein bil med israelarar som arbeider på Rafah-overgangen, heiter det i ei fråsegn frå ei gruppe som kallar seg Omar al-Mukhtar-styrken.
Gruppa, som kallar seg Fatah-oprørarane, gjekk ut av det ordinære Fatah-partiet i protest mot Yasir Arafat i 1983.
Tviler på Arafat
Israels statsminister Ehud Barak seier at han ser svært alvorleg på drapet på den israelske kvinna, og seier at hendinga gjer at han stiller seg tvilande til Yasir Arafat si vilje til å stanse valdshandlingane.
Ein palestinsk 13-åring døydde i natt etter at han vart skoten av israelske soldatar under samanstøytar sist laurdag, melder palestinske sjukehuskjelder. Også ein 24-åring som vart skoten av israelske soldatar i går, døydde i dag av skadane.
Talet på drepne i uroa ligg no på over 180, dei fleste av dei er palestinarar.