MMI si meiningsmåling for NRK og Dagbladet i november syner
at 28,7 prosent for Arbeidarpartiet og 27,3 prosent for Framstegspartiet framfor landsmøtet i Arbeiderpartiet som tek til torsdag.
Ein kan ikkje vera sikker på om Arbeidarpartiet er på veg opp av bylgjedalen. Men tre målingar siste veka har peika ned for Framstegspartiet og opp for Arbeidarpartiet,
og på MMI-målinga for NRK og Dagbladet er Arbeidarpartiet på nytt det største største partiet i landet.
Dette gjev nok ein kveik for partiet, men det er førebels fatigmannstrøyst. Oppslutnaden om partiet er låg. Det er eit kriseråka parti som held landsmøte.
Den Jens-effekten tilhengarane hans vona på smuldra bort.
Og hans personlege omdøme som statsminister har falle
sterkt, syner MMI si måling.
For påhaldne?
Meiningsmålinga syner at veljarane meiner det er viktig korleis oljeintektene blir brukte.
OG dei meiner at Arbeidarpartiet ikkje gjer nok for å løyse helseproblema.
Dette er i samsvar med Arbeidarpartiets eiga analyse.
Det syner at folks misnøye ikkje berre er eit enkelt spørsmål om avgifter på bensin og sprit, men misnøye er det. Om partileiinga sin plan om å gjera sjukehusa statlege er svaret på misnøya, er ei anna sak.
Veljarane er rimeleg tydelege på at det er resultat - betringar dei vil ha - og det straks. Ikkje minst i helsevesenet, der Framstegspartiet har så høg profil.
Det blir utfordringa for partiet og regjeringa, same kva landsmøtet vedtek om styring med sjukehusa, fylkeskommunen, privatisering av Statoil, eventuell opning for å søkje medlemskap i EU, eller om auksjonering av oppdrettskonsesjonar, for den del.
Spanande
Det blir spanande om landsmøtet utstyrer partileiinga med vedtak som dei med glød kan selje til veljarane. Dersom det skulle bli omfattande opprør i landsmøtet, kan det bli skadeleg i den kjenslevare situasjonen som er no.
Mykje tyder på at trass i strid om saker blir dette eit landsmøte med samling i botnen. Skal det fungere godt er det nok svært viktig korleis landsmøtet tek imot Thorbjørn Jaglands programtale torsdag. Dersom han vel å provosere for å få fram sine og fleirtalet i sentralstyrets standpunkt i omstridde saker, kan det bli spanande dagar - også med tanke på det seinare salsarbeidet.
For ei partileiing som eventuelt må bruke tida på å bortforklare nederlag i landsmøtet, er neppe nokon veljarmagnet.