Dette gjorde forsvarsminister Grete Foremo klart på ein pressekonferanse i føremiddag.
Tre av soldatane var frå Kystjegerkommandoen i Harstad, mens den fjerde tilhøyrde marinejegerkommandoen. Kystjegerkommandoen har vore i Afghanistan sidan 2005.
Det var ei Iveco feltvogn av denne typen som vart sprengd i Afghanistan i går.
Foto: CC-BY: PRT MeymanehLES OGSÅ:
14 soldatar på oppdrag
Det var i går ettermiddag at ein norsk patrulje på 15 soldatar var ute på eit oppdrag der dei skulle ha samtalar eller forhandlingar med sivile, lokale styresmakter i Almar-prvonsen. Eitt av dei pansra køyretøya køyrde på ei vegbombe. Alle dei fire soldatane som miste livet var om bord i dette Iveco-køyretøyet.
Det var klokka 14.50 norsk tid angrepet skjeddde. Det var fire norske køyretøy med i patruljen, og angrepet fann stad 30 kilometer vest for det norske hovudkvarteret i Maimana.
- Noreg vart hardt ramma i går. Tapet av dei firesoldatane gjer djupt inntrykk på oss alle, og tankane våre går til vener, pårørande og medsoldatar, sa forsvarsminister Grete Faremo blant anna på pressekonferansen.
VIDEO: Generalmajor Bernt Brovold forteller om detaljene rundt hendelsen, der fire norske soldater omkom.
- Brutal påminning
Statsminister Jens Stoltenberg sa at det som har skjedd er ei brutal påminning om farene ved oppdraget. Og at sjølv om alle som gjer så godt dei kan for å verne soldatane sine liv, så er det ikkje mogleg å sikre seg mot slike tap som det i går.
- Eg har sjølv møtt soldatane i Afghanistan og veit at dei er blant dei beste ungdommane og soldatane vi har. Dette er menneske som har vigd liva sine til oppdrag dei utfører på vegner av Noreg, FN, NATO og det internasjonale samfunnet, sa Stoltenberg blant anna.
Han la til at dei norske soldatane er i Afghanistan for å kjempe mot internasjonal terror, og at det er viktig å unngå at landet igjen skal bli eit oppmarsjområde for internasjonal terrorisme.
Stoltenberg avviser at det som har skjedd vil endre den norske Afghanistan-politikken.
- Vi gjekk inn saman med våre allierte i NATO, og vil gå ut saman med dei, sa han.
Frå underskrivinga av kondolanseprotokollen i Maymahma i dag.
Foto: LARS MAGNE HOVTUN, FORSVARET
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Sterkare motstandarar
Forsvarssjef Harald Sunde sa at det ikkje er nokon grunn til å vere for optimistisk når det gjeld situasjonen i Afghanistan. Han vedgjekk at motstandarane har vorte meir effektive i det norske området i Nord-Afghanistan.
Han sa likevel at det har vore positive utviklingstrekk i Aayrab-provinsen, og at dei lokale innbyggjarane seier at forholda har blitt betre. Og det har samanheng med nærværet av soldatar, sa han.