Hopp til innhold

Får jomfruhinna sjekka før militærteneste

Kvinner som vil inn i militæret i Indonesia har opplevd å få fingre opp i vagina for å sjekke om jomfruhinna er intakt. Human Rights Watch krev at praksisen må stanse.

INDONESIA ARMY

Ein militærtropp med kvinner marsjerer i Indonesia. I ein rapport frå Human Rights Watch kjem det fram at fleire kvinner har fått jomfrudommen testa før militærteneste. Biletet er meint som illustrasjon, og det er ukjent om kvinnene på biletet har vore utsette for praksisen.

Foto: DITA ALANGKARA / AP

Menneskerettsorganisasjonen har intervjua elleve kvinner som har fortelt om praksisen. Både kvinner som vil inn i militærteneste og kvinner som vil gifte seg med ein offiser kan risikere å måtte gå gjennom ein jomfrutest.

Også menn utførte testen

Testen inneber å få to fingre stukne opp i vagina og anus, for å sjekke om jomfruhinna ikkje er broten.

Formålet med testen skal ifølgje ein talsmann for militæret vere at dei ønskjer å «få tak i dei beste folka, både fysisk og mentalt». Talsmannen vedgår at praksisen finn stad, også på kvinner som vil bli politibetjentar.

Jomfrutesten vert utført tidleg i rekrutteringsfasen som ein del av ein omfattande fysisk test. Testen kan bli utført av både kvinner og menn.

– Det som sjokkerte meg var å finne ut at legen som skulle gjennomføre testen var ein mann, fortel ei kvinne som i 2013 fekk testen utført på seg sjølv.

– Fekk langvarige traume

Human Rights Watch (HRW) har også snakka med ei kvinne som i 2008 hadde ansvaret for å gjennomføre testen.

– Det måtte ein innsats til for å gjere dei villige til å få testen gjennomført. For meg var det ikkje lengre berre ei audmjukande handling. Det var tortur, og eg bestemte meg for å ikkje gjere det om att, fortel den kvinnelege legen.

Ei anna kvinne fortel at jomfrusjekken har gitt ho store problem i seksuallivet.

– Fire år etter at eg tok testen så gifta eg meg med min forlova. Som nygifte flest reiste me på bryllaupsreise til Bali, og me ville gjerne ligge med kvarandre. Men kroppen min var heilt stiv, og eg klarte ikkje spreie beina mine, seier kvinna til HRW, og legg heile skulda på trauma etter «jomfrutesten».

Ville «jomfruteste» studentar før vitnemål

Ei anna kvinne fortel om då ho gifta seg med ein offiser i militæret, og opplevde å måtte gå gjennom same test for å kunne bli gift med mannen.

No krev HRW ein full stans i praksisen som dei kallar for audmjukande og invaderande. Organisasjonen har teke kontakt med militærleiinga i Indonesia, og sett fram krav om full stans.

I Indonesia, der islam er hovudreligion, vert det å vente med sex til ekteskapet sett på som høgt verdsett og eit teikn på god moral.

I februar vart det føreslått at alle kvinnelege studentar må gjennomgå ein jomfrutest før dei får godkjent eksamenane sine, men forslaget vart dømd nord og ned av både menneskerettsgrupper og muslimske leiarar.

SISTE NYTT

Siste nytt