Hopp til innhold

Evakuerte 3000 ved atomreaktor

Japanske styresmakter erklærte i dag unntakstilstand ved eit atomkraftverk som var ramma av. 3000 menneske vart evakuerte frå nærområdet. I ettermiddag skal situasjonen vere under kontroll.

Arkivfoto av Fukushima-atomkraftverket i Japan.

Det er problem med nedkjølinga av atomreaaktoren ved atomkraftverket i Fukushima.

Foto: Ap

Ein talsmann seier til det japanske kringkastingsselskapet NHK tidlegare i dag at forsøka på å kjøle ned atomreaktoren ved atomkraftverket Fukushima ikkje gjekk etter planen. Men han presiserte at det ikkje var egistrert nokon lekkasje.

Likevel bad styresmaktene no 3000 menneske som bur i ein radius på tre kilometer rundt atomkraftverket om å evakuere.

Ved 16.20-tida i ettermiddag melde det japanske nyheitsbyrået Jiji at det truleg ikkje vil ta lang tid før kjølesystemet er reparert. Ein halavtime seinare kom det melding frå Det internasjonale atomenergibyrået IAEA om at kjølesystemet no er i orden igjen.

- Kan føre til katastrofe

Atomfysikar Nils Bøhmer i Bellona seier i ein kommentar at ukontrollert temperaturstigning i verste fall kan føre til ein katastrofe med store utslepp av radioaktiv forureining.

Video Bøhmer

VIDEO: Sjå intervjuet med NIls Bøhmer.

LES OGSÅ: Frykter flere tusen døde i Japan

- Utan nedkjøling av atombrenselet kan det i verste fall skje ei alvorleg ulukke der heile reaktoren smeltar, med enorme utslepp av radioaktivt avfall, seier han.

Bøhmer seier at det er kjøleanlegget ved to av reaktorane som har svikta.

Atomeksperten Mark Hibbs ved Carnegie-instituttet seier til nyheitsbyrået Reuters at dersom dei ikkje greier å reparere kjøleanlegget i tide, er det stor fare for ei nedsmelting av reaktorkjernen. Og då er det snakk om ei alvorleg atomulukke.

.Fukushima er eitt av dei største atomkraftverka i verda.

Stenging og brann

Kollapset parkeringsplass i Yabuki

Skadane i området rundt atomkraftverket i Fukushima er store.

Foto: Darren Gubbins / Afp

Talsmannen seier at det er viktig at folk i området rundt atomkraftverket ikkje får panikk, og at dei held seg i ro. Det er ingen grunn til å evakuere heimane sine, seier han.

Statsminister Naoto Kan sa tidlegare i dag at fire atomkraftverk er stengde, men at det ikkje er registrert lekkasje av radioaktivt materiale.

Det vart i føremiddag meldt om brann i turbinbygningen i atomkraftverket Onagawa. Heller ikkje her skal det vere lekkasje av radioaktivt materiale. Brannen skal no vere sløkt.

LES OGSÅ: Skip med 80 passasjerer feid vekk

LES OGSÅ: – Jeg er veldig bekymret

LES OGSÅ: Følg tsunamien live over havet

LES OGSÅ: Storevakuering rundt kjernekraftverk

Jordskjelv i Fukushima Japan

Fukushima-området er eitt av områda som er hardast ramma av jordskjelvet.

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste nytt