Hopp til innhold

Nye flyangrep i Aleppo – evakuering avlyst

Den skjøre våpenkvila i Aleppo har kollapsa, og bussane som skulle evakuere sivile frå dei krigsherja bydelane aust i byen er trekte tilbake. Den humanitære situasjonen i byen er katastrofal.

Bussar skal evakuere folk frå Aust-Aleppo.

Mange bussar står klare til å frakte sivile ut av Aust-Aleppo, men evakueringa har ikkje kome i gang.

Foto: George Ourfalian / AFP

Igjen er det våpena som talar i Aust-Aleppo. I føremiddag er det harde kampar mellom syriske regjeringssoldatar og opprørsstyrkar, og det blir brukt både fly, artilleri og stridsvogner.

Partane skuldar på kvarandre om kven som starta skytinga igjen, etter at det i går vart inngått ei våpenkvile mellom partane. Planen var å bruke dagen i dag til å evakuere sivile, men ifølgje fleire kjelder er ingen evakuert.

Russland hevdar på si side at 6000 sivile og 366 opprørarar har reist frå byen siste døgnet, medan andre kjelder igjen seier at ingen er evakuert.

– Snart nedkjempa

Opposisjonsgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) melder at fire menneske er drepne i angrepa i dag, blant dei to småjenter. Det statlege syriske fjernsynet seier at seks menneske er drepne i opprørar-angrep mot distrikt i Aleppo regjeringsstyrkane har teke tilbake.

Flyktningar i Aust-Aleppo.

Denne familien flykta lenger inn i den opprørskontrollerte delen av Aleppo tidlegare denne veka.

Foto: Abdalrhman Ismail / Reuters

Kjelder i den syriske opposisjonen sa til nyheitsbyrået Reuters tidlegare i dag at ei sjiamuslimsk iranskstøtta militsgruppe, som igjen støttar Assad-regimet, hindra den planlagde evakueringa av sivile frå byen.

Ei FN-kjelde seier til Reuters at Iran krev at evakuering av såra frå sjia-landsbyar som er kringsette av opprørsstyrkar, skal få evakuere samtidig med sivile frå Aust-Aleppo.

Dette kan forklare kvifor sjiamilitsen hindra evakueringa i dag tidleg.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov seier at opprørarane i Aust-Aleppo vil bli nedkjempa i løpet av eit par-tre dagar. Han seier også at det var opprørarane som starta dei nye kampane i dag tidleg.

Dette skjer samstundes med at den humanitære krisa i byen blir stadig verre. Naudhjelp kjem ikkje inn, og ingen har full oversikt over det som skjer i den krigsherja byen. Det einaste som er sikkert er at den humanitære situasjonen i dei opprørskontrollerte områda av Aleppo er katastrofal.

33 bussar klare

Tidlegare i dag vart det meldt at 33 bussar var parkerte på hovudvegen ut av Aleppo, klare til å starte evakueringa frå den austlege delen av byen. Like før klokka 10.30 norsk tid kom meldingane om at bussane no har reist frå staden, utan flyktningar om bord

FNs Syria-utsending Staffan de Mistura.

FNs Syria-utsending Staffan de Mistura krev at FN straks må få tilgang til Aust-Aleppo.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Den franske utanriksministeren seier at det er full forvirring rundt evakueringa frå den syriske storbyen, og at FN-observatørar no må få sleppe inn i Aust-Aleppo.

Ein talsmann for opprørarane sa tidlegare i dag at våpenkvila i Aleppo framleis heldt, trass i at evakueringa var utsett. No ser det likevel ut til at krigshandlingane er i gang igjen for fullt.

Våpenkvileavtalen og avtalen om evakuering vart forhandla fram med hjelp frå Russland og Tyrkia. Russisk UD seier at det er langt lettare å forhandle med Tyrkia enn med USA.

FN har ikkje vore involvert, men seier dei er klare til å hjelpe til med evakueringa.

– 6000 sivile har reist

Tyrkiske styresmakter opplyser at etter avtalen så skal sivile først evakuere, og at turen deretter kjem til dei væpna gruppene. Kjelder i tyrkisk UD seier til Reuters at avtalen er svært sårbar, men at trass i nye meldingar om angrep, så står avtalen framleis ved lag.

Kjelda seier at opprørsstyrkane får ta med seg handvåpen når dei blir evakuerte.

Samstundes som SOHR og andre kjelder melder at ingen, korkje sivile eller opprørarar, har forlate Aleppo, seier ein russisk talsmann ifølgje nyheitsbyrået Ifax at nesten 6000 sivile har reist frå dei opprørskontrollerte områda i Aust-Aleppo i løpet av det siste døgnet.

Krigsruiner i Aleppo.

Store delar av Aust-Aleppo er fullstendig utbomba.

Foto: Omar Sanadiki / Reuters

Blant dei 6000 er det 2000 born, seier han. Talsmannen for forsvarsdepartementet legg til at 366 opprørarar har lagt ned våpena og reist frå byen.

Samstundes krev no FN tilgang til det austlege Aleppo straks, slik at dei kan overvake evakueringa av sivile. FNs Syria-utsending Staffan de Mistura sa seint i går kveld at dei vil forsikre seg om at kamphandlingane verkeleg er over.

Han sa på eit møte i FN-hovudkvarteret i New York i går kveld at opprørsgrupper framleis har kontroll over eit område på rundt fem kvadratkilometer i Aust-Aleppo.

Norsk Folkehjelp: – Hundrevis av sivile er blitt henrettet i gatene

Al Qaida-gruppe

Han reknar med at det framleis er rundt 1500 væpna opprørarar igjen i byen, og at rundt 50.000 sivile er omringa av regimevennlege militsar. Rundt ein tredel av opprørskrigarane høyrer til den Al Qaida-tilknytte Fatah al-Sham-fronten.

Krisemøte om Syria i Tryggingsrådet.

Det var krisemøte i Tryggingsrådet i går kveld. Her orienterer FNs generalsekretær Ban Ki-moon om situasjonen i Aust-Aleppo.

Foto: Amanda Voisard / AP

De Mistura seier også at det er uklart om opprørarane får forlate det austlege Aleppo med våpena sine.

Russlands FN-ambassadør Vitalij Tsjurkin sa i går kveld at dei syriske regjeringsstyrkane no har kontroll over heile Aleppo. Han fortalde at det er inngått ein avtale om at alle sivile som ynskjer å forlate Aleppo skal få fritt leide ut av byen.

Neppe snarleg slutt

Trass i framgangen til Assad-regimet i Aleppo, er det lite som tyder på ein snarleg slutt på borgarkrigen. Store område av landet blir framleis kontrollerte av opprørsgrupper, blant andre av IS.

IS viste styrke sist veke då dei tok tilbake den historiske byen Palmyra, ein by dei vart jaga ut av tidlegare i år.

Borgarkrigen i Syria har vorte stadig meir internasjonalisert. Russland og Iran støttar det syriske regimet. Den libanesiske Hizbollah-militsen, som i stor grad er finansiert og styrt av Iran, deltek i kamphandlingane på Assad-regimet si side.

Tyrkia er også aktivt inne i Syria, der dei kjempar både mot IS og mot kurdiske grupper dei meiner støttar PKK. Tyrkias president Erdogan sa i dag at rundt 1800 kurdiske YPG-militante og IS-medlemer er drepne av tyrkiske styrkar i Syria sidan august i år.

USA støttar ein del militsgrupper som kjempar mot det syriske regimet, men har IS som sin fremste motstandar.

SISTE NYTT

Siste nytt