Hopp til innhold

Fryktar Israel vil kjempe krig på to frontar

I to veker har Israel kjempa mot Hamas sør i landet. I nord held evakuerte innbyggjarar pusten på begge sider av grensa til Libanon.

APTOPIX Israel Palestinians Lebanon

Ei lita jente ser ut av bussvindauget medan ho blir evakuert frå byen Kiryat Shmona i Nord-Israel.

Foto: Baz Ratner / AP

– Far min bur her i Kiryat Shmona. Eg tar han med lenger sør heim til meg, der vi håpar å overleve, seier israelaren Edo Goldstein til Reuters.

Laurdag har israelske styrkar skote tilbake mot Libanon etter det blei fyrt av rakettar og panservernmissil mot Israel.

Nord i landet har det dei to siste vekene vore nærast daglege trefningar frå Hizbollah på den libanesiske sida av grensa.

Israeli soldier

Israelske soldatar i Kiryat Shmona førebur seg på å svare på angrep frå Hizbollah på den libanesiske sida av grensa. Fredag blei ein IDF-soldat drepen som fylgje av trefningane.

Foto: JALAA MAREY / AFP

Gjengjeldinga frå israelske bomber og granatar har ført til tilsvarande øydeleggingar i Libanon.

– Krigen kom plutseleg. Vi måtte ta med borna våre og forlate heimen i all hast, seier den libanesiske 40-åringen Zahira.

Over 20 landsbyar i grenseområdet skal til no ha blitt evakuert.

Fredag blei ein soldat i det israelske forsvaret (IDF) drepen av eit panservernmissil nær grensa, melder den israelske avisa Haaretz.

Hizbollah seier at fire av deira soldatar blei drepne i grenseområdet laurdag, ifølge Reuters.

Israelske troppar står klare for å rykke over grensa dersom situasjonen eskalerer, ifølge styresmaktene deira.

Fryktar det verste

I den libanesiske hovudstaden Beirut har folk handla inn naudsynte matvarer, daglegvarer og medisinar. I tilfelle krigen skulle kome til byen deira.

– Vi har opplevd israelsk bombing og aggresjon før. Vi har overlevd både invasjonar og angrep, og er herda etter alle konfliktane, seier 26-åringen Fadia til NRK.

beirut-fadia0

– Krig er det siste Libanon treng, seier Fadia til NRK.

Foto: Terje Haugnes / NRK

I juli 2006 gjekk israelske styrkar inn i Libanon. Målet var å drive ut den libanesiske militsen Hizbollah, som tidlegare hadde gått til åtak på israelske busetnader.

Då blei òg delar av Beirut bomba av israelske kampfly.

Krigen varte i ein dryg månad, og kravde livet til 165 israelarar og over 1100 libanesarar.

No står Libanon midt i store samfunnsmessige utfordringar, og går gjennom den største økonomiske krisen på over 100 år.

– Krig er det siste Libanon treng, seier Fadia.

protest in Beirut's Tariq Al-Jadida neighbourhood, in solidarity with Palestinians

Fredag var det solidaritetsmarkeringar for Palestina i den libanesiske hovudstaden Beirut.

Foto: ANWAR AMRO / AFP

Samtidig som granatane og bombene har hagla på grensa, har ordkrigen mellom Israel og fiendane spissa seg til.

Hizbollah og deira viktigaste støttespelar Iran seier dei ikkje kan sjå på bombinga av Gaza utan å gripe inn.

– Dersom Israel gjennomfører sin planlagde bakkeoffensiv på Gazastripa, kan konflikten spreie seg i Midtausten, seier den iranske utanriksministeren Hossein Amir-Abdollahian til al-Jazeera.

– Konfrontasjon på to frontar

Det har gått to veker sidan Hamas gjekk til åtak på Israel. På invasjonsdagen døydde over 1200 israelarar. Israelske styresmakter har lova å utslette terrororganisasjonen, men landet kjenner seg truga frå fleire kantar.

Israelere i nord flykter – frykter angrep fra Hizbollah

Forholdet til Libanon er svært spent. Ei eskalering til at styrkar frå eine sida går over grensa vil kunne få enorme konsekvensar.

– Slik situasjonen er no har Israel rett til å forsvare seg. Militsen Hezbollah held seg under «terskelen» i eit strategisk og taktisk spel, seier folkerettsekspert Cecilie Hellestveit.

Cecilie Hellestveit

Folkerettsekspert Cecilie Hellestveit meiner ei eskalering frå Hizbollah si side vil

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Ho meiner det er lite truleg at Hizbollah går til åtak mot Israel utan iransk støtte. Landet har mellom anna bidrege med mykje våpen til militsen.

– Det er to mogelege eskaleringar i nord. Ein situasjon er om Hizbollah set i verk eit stort angrep på Israel utan Iran. Då vil truleg Israel saman med amerikanarane setje i verk ein stor israelsk sjølvforsvars-operasjon mot Hizbollah i Libanon.

– Eller så kan Hizbollah gå til åtak mot Israel med Iran i ryggen. Då står vi ved ei massiv regional eskalering der ingen har kontroll, seier Hellestveit.

Israel og USA har åtvara Iran mot å blande seg inn, anten direkte eller gjennom Hizbollah.

For å vise at han meiner alvor har president Joe Biden send verdas største hangarskip, USS Gerald Ford til Middelhavet for å forsvare Israel. «USS Gerald R. Ford» er meint å vere ei klar åtvaring til både Hizbollah og Iran.

Rår ifrå alle reiser

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er i Kairo laurdag for å delta på toppmøte med leiarar i Midtausten og vestlege land.

Han seier at landa er uroa for ei eskalering som utvidar den israelsk-palestinske konflikten, og drar inn nye land.

Espen Barth Eide i Kairo

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) deltar laurdag på toppmøte i Kairo der det blir diskutert løysingar for den israelsk-palestinske konflikten.

Foto: KHALED DESOUKI / AFP

– Dersom det blir meir enn småtrefningar mellom Israel og Hizbollah vil det bety ein to-fronts-konfrontasjon for Israel.

– Det er ei djup uro for at denne konflikten skal spreie seg til andre område i regionen.

Fredag kveld skjerpa Utanriksdepartementet reiseråda sine som gjeld Libanon. Alle reiser til landet blir no rådde ifrå, og nordmenn blir oppmoda til å forlate landet.

Høyr siste «Urix på laurdag» her:

SISTE NYTT

Siste nytt