NRK Meny
Normal

EU-sanksjonar mot syriske selskap

EU har svartelista fleire syriske selskap og forretningsmenn. Målet er å leggja press på president Bashar al-Assad.

SYRIA-ASSAD/

Demonstrasjonane mot regimet til Bashar al-Assad braut ut i mars i år. Assad tviheld på makta og har gått brutalt til verks for å slå ned på uroa.

Foto: SANA / Reuters

EU har laurdag utvida lista over syriske selskap som blir omfatta av sanksjonar. Tre nye selskap vert omfatta av sanksjonane. I tillegg blir fire forretningsfolk svartelista.

Dei tre selskapa er eigedomsbanken Real Estate Bank, investeringsselskapet Cham Investment Group og transportselskapet Mada Transport.

Dei siste støttespelarane til Assad

Dei fire forretningspersonane er føydde til lista over folk som har fått reiseforbod i EU-landa og som får sine aktiva i europeiske land frosne.

Den syriske presidenten Bashar al-Assad tok over presidentvervet etter far sin i 2000. Assad-familien har hatt makta samanhengande i 41 år, og i den syriske befolkninga er det brei motstand mot det omsynslause regimet.

Handelsstanden i Syria har derimot vore lojale tilhengjarar av Assad-regimet. Fleire Syria-kjennarar meiner forretningsfolka er dei som står i vegen for at det vaklande regimet tippar over stupet.

– EU-sanksjonane øydelegg for samarbeid

Fredag vedtok EU å innføra ein boikott av syriske oljeprodukt. Føremålet med dei nye sanksjonane er å auka presset mot presidenten Bashar al-Assad og å setja ein stoppar for regimet sine brot på menneskerettane.

Russland fordømmer dei nye sanksjonane EU har vedteke mot Syria.

– Dei vil ikkje føra med seg noko godt. Tvert imot vil dei øydeleggja for ei felles tilnærming til ei krise. Me er imot einsidige sanksjonar, seier utanriksminister Sergej Lavrov.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt