Hopp til innhold

EU djupt uroa etter Libanon-kampar

EU er djupt uroa for situasjonen i Midtausten etter dei dødelege angrepa mellom Israel og Libanon.

Mideast Lebanon Israel

Israelske soldatar har teke oppstilling etter at israelsk og libanesisk militære har kjempa på grensa.

Foto: Mohammed Zaatari / Ap

- Eg vil uttrykkje mi alvorlege bekymring for utvekslinga av skot på grensa mellom Israel og Libanon, seier utanrikssjefen i EU, Catherine Ashton.

Ho ber begge partar om å beherske seg, og seier begge må gjere grep for å hindre at sitasjonen utviklar seg, skriv nyheitsbyrået AFP.

Nasrallah vil handle

Nasrallah på libanesisk tv

Sayyed Hassan Nasrallah nektar å sjå på eit nytt israelsk angrep mot Libanon.

Foto: Al-Manar TV / Afp
Hizbollah får støtte i Beirut

Folk i Beirut jubla til Nasrallah-talen.

Foto: Khalil Hassan / Reuters

Hisbollah-leiaren Sayyed Hassan Nasrallah seier gruppa hans ikkje vil stå stille og sjå på om Israel angrip den libanesiske hæren i framtida.

– Den israelske handa som angrip ein libanesisk hær, vil bli kutta av, seier Nasrallah i ein video, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Han streka under at medlemmene denne gong hadde fått beskjed om ikkje å aksjonere.

– Vi har bede våre væpna medlemmer om å halde igjen, og ikkje gjere noko, seier Nasrallah.

Verst på fire år

Sikkerheitskjelder og vitne seier at situasjonen raskt roa seg ned, men at spenninga framleis var høg etter trefningane, som var dei alvorlegaste sidan krigen mellom Israel og Hizbollah-styrkane i Libanon i 2006.

Også USA og FN har bede dei to landa om å halde tilbake og unngå å gå tilbake til krig.

Ein israelsk general trur ikkje det blir vidare opptrapping.

– Eg trur dette var ei eingongshending. Vi har fått oppmodingar og krav frå høgste hald i den libanesiske hæren om å stanse skytinga, seier generalmajor Gadi Eisenkot.

SISTE NYTT

Siste nytt