Omri og Gilad Sharon er mistenkte for korrupsjon, svindel og for å ha lurt riksrevisjonen og politiet. Saken har sine røter i internvalget i Likud-partiet i 1999 mellom leiarkandidatene Ariel Sharon og Benjamin Netanyahu. Ingen i Sharon-familien er hittil avhøyrt i saka.
Problema tårnar seg opp for Israels statsminister Ariel Sharon. (Reuters-foto)
Million-utbetaling
Den liberale israelske avisa Haaretz skriv i dag at israelske etterforskarar har bede om hjelp frå det sørafrikanske justisdepartementet til å sjekke kvifor Sharon-sønene fekk 1,5 millionar dollar (rundt 10 millionar kroner) utbetalt frå ein sørafrikansk forretningsmann.
Det er mistanke om at pengane skulle innfri eit lån som dei to sønene til Ariel Sharon hadde teke opp for å betale tilbake pengar som Sharon fekk ulovleg frå eit selskap under den interne valkampen i Likud-partiet i 1999, skriv avisa.
I oktober 2001 bad den israelske riksrevisjonen Sharon betale tilbake mesteparten av pengane han hadde fått i bidrag frå diverse selskap under valkampen i 1999.
Negev-ørkenen
Sharon ville ta opp eit lån i ein israelsk bank for å betale tilbake desse bidraga, mot at banken fekk pant i landbrukseigedomen Sharon har i Negev-ørkenen. Banken oppdaga deretter at dette ikkje var mogleg fordi gardsbruket berre er leigd av den israelske staten.
Det var dette som gjorde at Sharon-familien søkte hjelp i Sør-Afrika, skriv Haaretz. Avisa har snakka med ein namngitt mann som skal ha utbetalt nær 1,5 millionar dollar til Sharon-familien. Mannen seier at han kjener Sharon-familien, men nektar for å ha lånt pengar til dei.
På dette punktet skal Sharon ha forklart seg feil for politiet. Han opplyste at han tok opp eit lån med pant i eigedomen i Negevørkenen. Dette stemmer altså ikkje, og påtalemakta vil no finne ut om pengane kom frå Sør-Afrika.
Korrupsjons-skuldingar
Den israelske tabloidavisa Yediot Aharonot skreiv 2. januar at ein israelsk forretningsmann som har støtta Sharon sine valkampar i fleire år, hadde betalt fleire hundre tusen dollars til ein av sønene til Sharon. Avisa meiner at dette var reine bestikkelsar for å få informasjon om store eigedomsprosjekt i Hellas og Spania.
Korrupsjons-skuldingane har alt ført til at ein visestatsråd har fått sparken frå Sharon si regjering. Likud-partiet har også gått markert tilbake på meiningsmålingane, men utan at veljarane har gått over til Det israelske arbeidarpartiet.
Det er val på statsminister og ny nasjonalforsamling i Israel 28.januar. Likud har framleis ei klar leiing på meiningsmålingane.