Hopp til innhold

Erna svarar på utfordringa frå Rihanna

Erna Solberg lovar å gi pengar til utdanning i fattige land, etter at ho blei utfordra av Rihanna på Twitter onsdag.

FILES-ENTERTAINMENT-US-FASHION-MUSIC-ART

Nyheitsmagasinet Time har kåra Rihanna til ein av personane med størst innverknad i verda. Ho har blant anna brukt kjendisstatusen sin til å støtte organisasjonar som Unicef og Redd Barna. No utfordrar ho Noreg til å bidra på ein gjevarlandskonferanse i Senegal som skal samle inn pengar til utdanning av barn.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Onsdag la popstjerna Rihanna ut eit bilde av seg sjølv saman med statsminister Erna Solberg til dei 86 millionar følgarane ho har på Twitter. Der utfordra ho Noreg til å bidra med 375 millionar dollar, eller nesten tre milliardar norske kroner, til utdanning i fattige land.

Laster Twitter-innhold

Erna Solberg møtte Rihanna i 2017. Då snakka dei blant anna om kor viktig utdanning er for barn i fattige land. Utfordringa frå popstjerna kjem i samband med at det blir arrangert ein gjevarlandskonferanse i Senegal i februar.

Utfordrar G7

Torsdag svarte Erna Solberg med at den nyutnemnde utviklingsministeren, Nikolai Astrup, ville ta med seg gode nyheiter til konferansen i Senegal. NRK har vore i kontakt med Statsministerens kontor, men dei vil ikkje seie kor mykje pengar Noreg skal bidra med på konferansen. Heller ikkje UD vil kommentere summen.

Men Solberg sender på Twitter også ei utfordring vidare til G7-landa om å gi like mykje per innbyggar som det Noreg gjer. Då reknar ho med at utdanning til alle barn i verda skal vere sikra.

Laster Twitter-innhold

Det er no opp til statsleiarane i Canada, Frankrike, Tyskland, Italia, Japan, Storbritannia og USA, som utgjer G7, å svare på Twitter-utfordringa frå Solberg.

Mangel på utdanning hindrar utvikling

Antonio Guterres frykter 2018

Generalsekretær i FN, Antonio Guterres, meiner at finansiering av utdanning er den beste investeringa ein kan gjere. Difor oppmodar han land og internasjonale organisasjonar til å bidra på ein gjevarlandskonferanse i Senegal i februar.

Foto: UNITED PHOTOS / Reuters

Ifølge arrangørane av gjevarlandskonferansen i Senegal, står 264 millionar barn og unge i verda utan skuleplass. Og 617 millionar barn og unge har ei undervisning som ikkje er god nok til å ta dei ut av fattigdom, dårleg helse og sosiale problem.

Då det blei klart at Frankrike og Senegal gjekk saman om gjevarlandskonferansen, sa generalsekretær Antonio Guterres i FN at utdanning er avgjerande for å få til utvikling.

– Å investere i utdanning er den mest effektive måten å få til økonomisk utvikling, og auke ferdigheitene og moglegheitene til unge kvinner og menn. Finansiering av utdanning er absolutt den beste investeringa vi kan gjere.

Målet til konferansen er å samle inn 3,1 milliardar dollar, eller nesten 25 milliardar norske kroner, fram mot 2020.

SISTE NYTT

Siste nytt