Dei totalt 13 skogbrannane i California veks i omfang og blir no omtalt som dei verste i delstaten på fleire tiår.
Ein av brannane nærmar seg fleire byar nord for vindistriktet Napa Valley, og guvernøren i California, Jerry Brown, har erklært unntakstilstand i fylka Lake og Napa.
– Valley-brannen har svidd av mange tusen hektar land, ført til evakuering av innbyggjarar og gjort skade på vegar og annan infrastruktur, seier Brown om bakgrunnen for unntakstilstanden.
Nær 20.000 evakuerte
Levande bilete frå Middletown viser eit ruinert, svart landskap med utbrende køyretøy og omrisset av bygningar som det no berre er oskehaugar igjen av.
Evakueringssonen blir no utvida, på grunn av skiftande vindretning som gjer det utfordrande å få kontroll på flammane og oska.
Natt til måndag var totalt 19.300 menneske evakuerte som følgje av dei totalt 13 brannane som herjar i California, opplyser styresmaktene i delstaten.
400 heimar, to leilegheitskompleks og ti bedriftslokale er øydelagde av flammane.
Tjukk røyk set brannhelikopter ute av spel
Tjukk røyk har den siste tida gjort det umogleg for brannhelikopter og vassbombefly å hjelpa til i sløkkjearbeidet. Fire brannmenn er sende til sjukehus med andregrads forbrenningar.
Ein kombinasjon av langvarig tørke i vestlege delar av USA og hetebølgja førre veke har gjort vegetasjonen i området knusktørr og svært lettenneleg.
Brannvesenet i California seier det er «uhøyrt omgang med open eld» som har fått brannane til å blussa opp.