Det var i den idylliske småbyen Petaluma nord for San Francisco i California at den noko bisarre kåra gjekk føre seg. Det er uklart om det verkeleg var så mykje internasjonal deltaking i konkurransen at vinnarhunden "Peanut" verkeleg kan kalle seg den styggaste hunden i verda.
Felles for dei fleste hundar i konkurransen er at det er vanskeleg å artsbestemme dei. Elles var dei i mange spesielle fasongar.
Holly Chandler, som eig vinnarhunden, seier at ho deltek i kåra for å skape blest om arbeidet mot mishandling av dyr.
LES OGSÅ: