Hopp til innhold

Ellevill tomatfestival i Spania

Raudt, grisete og hemningslaust. Meir enn 40 000 tomatkrigarar frå heile verda var i dag samla til den årlege tomatfestivalen i Valencia, Spania.

«La Tomatina» er ein festival i Spania som tradisjonelt tiltrekkjer seg opp til 50.000 turistar. Med andre ord kjem det nærmare fem gonger så mange menneske til festivalen, enn dei som normalt bur i byen Buñol, der festivalen vert skipa til.

Hundre tonn tomater skal ha gått med under årets matkrig-festival.

Føremålet er å dynke andre deltakarar med tomater og tomatsaus, og den grisete hendinga er svært populær blant turistar som kjem frå alle verdas kantar for å ta del i galskapen.

Sjå video frå tomatfestivalen ved å trykke på spelaren under.

Video Grisete tomatfestival i Spania

70år gammal tradisjon

Buñol er normalt sett ein fredsommeleg landsby, 40kilometer nord for Valencia på den spanske austkysten.

Ryktene skal ha det til at La Tomatina starta ein gong på 1940-talet, då ein vengjeng begynte å kasta matpakkane sine på kvarandre i nærleiken av ei grønnsaksbu på rådshusplassen i Buñol.

Hoppar i elva

Året etter møttes dei igjen på same plassen og begynte å pelme tomater på kvarandre og forbipasserande. Dermed var den årlege tradisjonen fødd.

Når tomatammunisjonen omsider tek slutt, skal alle deltakarar kaste seg i elva, slik at brannvesenet får spyla gatene reine.

SISTE NYTT

Siste nytt