Hopp til innhold

Eksplosjon på bakeri i Pakistan

Ei bombe som eksploderte inne på eit bakeri i Pakistan søndag, tok livet av 18 menneske og såra over 35.

PAKISTAN/

Ein skadd mann får behandling ved Lady Reading sjukehus i Peshawar, Pakistan etter eit Taliban-åtak søndag.

Foto: FAYAZ AZIZ / Reuters

Tre av dei døde er born, og for tre av dei skadde er tilstanden kritisk, opplyser det lokale politiet , ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Bombeeksplosjonen skjedde i landsbyen Nowshera i Peshawar, nordvest i landet.

– Det var ei fjernstyrt bombe plassert i ei søppelbøtte ved inngangen til bakeriet i garnisonbyen Nowshera, fortel informasjonsministeren i provinsen, Mian Iftikhar Hussain, til AFP.

Video Bombe i bakeri i Pakistan

SJÅ VIDEO: Bombe i bakeri i Pakistan.

Taliban vil hemna Kashmiri-drapet

Seks personar skal også ha vorte drepne i eit anna bombeåtak ved eit busstopp i utkanten av Peshawar søndag, melder Reuters.

Pakistansk Taliban har teke på seg ansvaret for dei dødelege bombeåtaka, som skjer dagen etter at Al Qaida-toppen Ilyas Kashmiri vart drepen av amerikanske førarlause fly i stammeområdet Sør-Waziristan, på grensa til Afghanistan.

Militante opprørarar har sagt dei kjem til å hemna åtaket.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt