Hopp til innhold

Ein person er arrestert for spionasje i Sverige

Ein person er arrestert i Stockholm, mistenkt for å ha blitt verva som agent av ein russisk etterretningsoffiser, ifølgje Säpo.

Säpo

Det svenske tryggingspolitiet seier at dei har arrestert ein person for spionasje. Vedkomande skal blei teken under eit møte i Stockholm sentrum tysdag kveld.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB scanpix

Tysdag kveld slo det svenske sikkerheitspolitiet, Säpo, til mot ein mistenkt spion i Stockholm. Ein annan person ha blitt arrestert samtidig, men han blei sett fri etter at han hevda han hadde russisk diplomatisk immunitet, skriv Expressen.

– Det dreier seg om ein person som er mistenkt for å blitt verva som agent av ein russisk etterretningsoffiser som arbeidde under diplomatisk dekke i Sverige, seier Daniel Stenling i Säpo i ei pressemelding.

Sikkerheitspolitiet har arbeidd med saka i lengre tid. Dei trur personen kan ha blitt verva i 2017 eller tidlegare. Men dei vil ikkje seie kvifor dei valde å gå til aksjon akkurat tysdag kveld.

– Det er grundig etterretnings- og etterforskingsarbeid som ligg til grunn for arrestasjonen, seier pressesekretær Gabriel Wernstedt i Säpo til Expressen.

Tilsett i svensk industri

Ifølgje politiet er personen som er arrestert tilsett i svensk høgteknologisk industri, som skal vere interessant for etterretningsverksemda til framande makter.

– Trugsmålet mot Sverige er meir omfattande enn på fleire år, og den tekniske utviklinga har gjort at statlege aktørars innhenting av data har blitt meir avansert. Samtidig skjer også den tradisjonelle personbaserte innhentinga ved å verve agentar. Denne kombinasjonen gir både breidde og djupne i statlege aktørars innhenting av hemmeleg informasjon, seier Daniel Stenling i pressemeldinga frå Säpo.

Den svenske statsministeren Stefan Löfven og leiinga i det svenske Utanriksdepartementet er informert om arrestasjonen, skriv Expressen.

Ingen kopling til nettverk

Svensk politi har den seinare tida etterforska fleire personar som dei mistenker kan ha danna eit nettverk som kan vere til skade for rikets sikkerheit, skriv Aftonbladet. Men den arresterte skal ikkje vere ein del av denne etterforskinga, seier Säpos pressesjef Karl Melin til SVT Nyheter.

– Denne arrestasjonen har på dette tidspunktet inga kopling til andre saker eller etterforsking hos sikkerheitspolitiet.

Er fleire personar mistenkte i denne samanhengen?

– På dette tidspunktet er det ein person som er mistenkt.

Frist til fredag

Säpo vil ikkje seie om personen er svensk statsborgar, korleis personen har blitt verva eller korleis dei agerer overfor den russiske etterretningsoffiseren dei mistenker å ha verva personen.

Påtalemakta har frist til fredag å avgjere om den arresterte personen skal framstillast for varetektsfengsling eller ikkje. Men aktor Mats Ljungqvist er sparsam med opplysningane overfor det svenske nyheitsbyrået TT.

– Det eg kan stadfeste er at ein person er arrester mistenkt for ulovleg etterretningsverksemd mot Sverige. Men dette er ei følsam etterforsking og eg kan ikkje seie meir no.

SISTE NYTT

Siste nytt