Hopp til innhold

Ein person død og en alvorleg skadd etter at berg-og-dal-bane spora av i Sverige

Ein person omkom og ni er skadde, etter ei ulukke på ein berg-og-dal-bane i fornøyelsesparken Gröna Lund i Stockholm.

Politibiler og politifolk ved fornøyelsesparken Gröna Lund i Stockholm.

EVAKUERT: Fornøyelsesparken i Stockholm er evakuert etter ulukka.

Foto: NTB

Svensk politi har starta ei etterforsking med mistanke om mellom anna aktlaust drap og aktlaus forvaltning av kroppsskade etter den alvorlege ulukka i fornøyelsesparken.

Under pressekonferansen søndag ettermiddag opplyste informasjonssjef Annika Troselius at ulukka skjedde då framsida av toget plutseleg spora av.

Parken skal no haldast stengt i minst sju dagar medan ulukka blir granska.

– Vi må kome til botn i korleis dette skjedde, for det skal ikkje skje, seier Troselius.

Ulukka skjedde søndag føremiddag. Ei vogn på berg-og-dal-banen «Jetline» i Gröna Lund i Stockholm spora av.

– Dette er ei forferdeleg hending, og det kan ikkje beskrivast med ord korleis vi har det no, seier informasjonssjefen.

– Ein sorgens dag

Reporter i Sveriges Radio, Simon Andren, var i fornøyelsesparken med sin familie. Han fortel at han høyrde ein høg lyd og såg ei vogn som hadde losna.

– Vogna fall eller glei samstundes med at fleire personar blei slynga ut og fall frå fleire meters høgd.

Totalt 14 personar blei ramma av ulykka. Ni skadde er sende til sjukehus, én med alvorlege skader, og ein person er død.

Tre barn er blant dei skadde.

– Det er uklart kva som har skjedd, men fleire har falle ut, seier vakthavande befal Moa Hummelgård i den svenske redningstenesta til Aftonbladet.

Parken vart raskt tømt av politiet etter ulukka. På pressekonferansen sa redningsleiar at dei var på plass ved ulukkesstaden på fire minutt.

– I dag er ein sorgens dag for Gröna Lund, seier direktøren for fornøyelsesparken, Jan Eriksson.

Berg-og-dal-bane i Sverige skal ha sporet av.

Eit større område rundt Gröna Lund er sperra av etter hendinga.

Foto: Claudio Briscani / TT/NTB

Spora av

Berg-og-dal-banen blei teken i bruk i 1988, og er 30 meter høg og 800 meter lang. Vognene kan komme opp i 90 kilometer i timen.

Ifølge SVT skal ei av vognene ha spora av i fart, og fleire personar skal ha blitt kasta ut då vogna fall mot bakken. Ein person skal ha blitt hengande fast.

Berg-og-dal-banen Jetline i Gröna Lund

Berg-og-dal-banen opna for 35 år sidan, og er ein populær attraksjon i Gröna Lund. Bildet er frå 2009.

Foto: AFP

Cornelia Frammin var vitne til ulukka. Ho og sonen hadde køyrt på Jetline rett før ulukka skjedde.

Ho seier til svensk TV4 at dei høyrde eit smell og at dei kunne sjå at berg- og dalbanen spora av. Alt skjedde raskt, beskriv ho.

– To personar ramla ut. Ein person ramla på stillaset og klemma seg fast. Han sat fast der lenge. Så høyrde vi masse skrik. Ingen forstod kva som hadde skjedd. Nokon hoppa over gjerdet og prøvde å hjelpe dei som var skadde. Det kom etter kvart ambulansar og politi som fekk oss ut av parken, seier Frammin til TV4.

Skal undersøke ulukka

Troselius seier dei no konsentrerer seg om å ta hand om både dei som er ramma av ulukka og medarbeidarane ved fornøyelsesparken.

Ho seier dei også vil undersøke korleis ei slik ulukke kunne skje. Men det skal ikkje ha vore tekniske problem ved banen.

– Det er ein attraksjon som har fungert akkurat som han skal. Alle er sjokkerte i dag.

En berg-og-dal-bane skal ha sporet av i Sverige

Ein person død og tre alvorleg skadd etter at berg-og-dal-bane spora av i Sverige

Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB

SISTE NYTT

Siste nytt