Hopp til innhold

Ein månad med nedstenging i Sydney – tusenvis i protest

Sinnet over nedstenginga i Sydney i Australia har no blitt så stor at folk tyr til vald mot myndigheitene.

An anti-lockdown rally in Sydney as COVID-19 outbreaks affect Australia

Tusenvis samla seg i gatene i Sydney i Australia laurdag for å demonstrera mot nedstenginga i landet.

Foto: Stringer / Reuters

Gladys Berejiklian, førsteminister i delstaten New South Wales, har erklært delta-utbrotet i delstaten for ei nasjonal krise.

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Utbrotet starta allereie i Bondi 16. juni og spreidde seg ut over store delar av delstaten.

Sjølv om regionhovudstaden Sydney no har hatt portforbod i nærare ein månad, har myndigheitene framleis ikkje klart å slå ned utbrotet.

– Eit vedvarande problem

Avisa The Sydney Morning Herald melde laurdag at der var 176 nye koronatilfelle registrert i Australia det siste døgnet.

Til samanlikning registrerte Noreg 228 koronasmitta same døgn.

163 av desse koronatilfella i Australia, var registrert i den folkerike delstaten New South Wales med i overkant 8 millionar innbyggjarar.

Det er det høgaste daglege talet som er registrert i delstaten sidan utbrotet starta.

Helseministeren i New South Wales Brad Hazzard og statsminister Scott Morrison på eit sjukehus i Sydney.

Helseministeren i New South Wales Brad Hazzard og statsminister Scott Morrison på eit sjukehus i Sydney.

Foto: Kate Geraghty / AFP

– Dette fortel oss at vi har eit vedvarande og eit veksande problem, uttalte helseministeren i New South Wales, Brad Hazzard til The Sydney Morning Herald.

Assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad, seier at årsaka til at delstaten har erklært utbrotet som ei nasjonal krise truleg kjem av at dei er vande med null smitte.

I tillegg seier han at australiarane ikkje har særleg mange permanente smitteverntiltak på plass, og ikkje har lukkast med å slå ned dette utbrotet.

Espen Rostrup Nakstad, assisterende helsedirektør i Helsedirektoratet, på baksiden av NRK 9. juli i år. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– No fryktar dei nok ei smittebølgje blant landets 87 prosent uvaksinerte innbyggjarar med delta-virus. Det er dessutan vinter no og høg risiko for kraftig smittevekst om dei ikkje raskt får kontroll, seier Nakstad.

– Så dei er nok redde for langvarig nedstenging som i Europa i 2020 om dei ikkje raskt får snudd trenden, legg han til.

Tusenvis i protest

Samstundes som delstaten presenterte dei daglege smittetala, storma tusenvis gatene i Sydney for å demonstrera mot portforbodet i delstaten.

Kring 13 millionar menneske er no i «lockdown». Også i Melbourne og Brisbane var der mindre demonstrasjonar laurdag.

A protester (L) tries to push away a police horse in Sydney on July 24, 2021, as thousands of people gathered to demonstrate against the city's month-long stay-at-home orders.

Ein demonstrant forsøker å dytta vekk ein politihest i Sydney laurdag.

Foto: Steven Saphore / AFP
A police officer is covered in black ink after clashes at an anti-lockdown demonstration in Sydney

Ein politimann dekt i svart blekk etter demonstrasjonane.

Foto: Nsw Police / Reuters
An anti-lockdown rally in Sydney as COVID-19 outbreaks affect Australia

Demonstrantar kasta flasker og jord på politiet.

Foto: Stringer / Reuters

Protestane gjekk hardt føre seg. Demonstrantane kasta plastflasker og potteplanter mot politiet under anti-lockdown-protesten. Politiet jakta også på ein demonstrant som slo ein politihest.

Ifølgje BBC arresterte politiet 57 personar i protestane.

– Vi lever i eit demokrati, og normalt er eg sjølvsagt ein som støttar folkets rett til å demonstrera, men dette tykkjer eg er verkeleg dumt, uttalte helseminister Hazzard.

Sjølv om både lockdown og vaksinemangel skapar frustrasjon, tar mange i Australia avstand frå protestane og kallar demonstrantane egoistiske.

Protestar i Sydney.
Foto: Skjermdump tatt 24.07.2021

Lågt vaksinasjonstempo

Australia har hatt ei suksesshistorie når det gjeld kampen mot koronaviruset.

Totalt har landet meldt rundt 33.000 koronatilfelle og rundt 900 koronarelaterte dødsfall, men frustrasjonen er høg kring vaksinetempoet.

Til no er i underkant av 13 prosent av befolkninga i Australia fullvaksinerte.

Biletet vider kor mange som er fullvaksinerte i OECD-landa.

Biletet viser kor mange som er fullvaksinerte i OECD-landa per 23. juli.

Foto: Skjermdump tatt 24.04.2021 / Our World in Data

Australia har dermed det lågaste talet fullvaksinerte blant OECD-landa.

Vaksineprogrammet lente seg i stor grad på AstraZeneca. No har regjeringa har sagt at dei håpar at den vaksne delen av befolkninga er fullvaksinerte innan slutten av året.

Statsminister Scott Morrison får krass kritikk frå både folk og politikarar for det dei meiner er svikt i å sikra nok vaksinar til landet.

Emneknaggen #ScottyDoesNothing og #ScottyMustGo har blitt ein trend på Twitter.

Virus Outbreak Australia

Statsministeren i Australia, Scott Morrison, har fått massiv kritikk.

Foto: Mick Tsikas / AP

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.