Eit skilt i eit butikkvindauge i Sydney set fingeren på frustrasjonen mange australiarar opplever no.
– Kjære kundar, vi vil vere stengt i overskodeleg framtid fordi Scott Morrison er eit ubrukeleg pikkhovud som berre bestilte nok vaksinar til å vaksinere 4 prosent av befolkninga, 18 månadar inn i ein pandemi, skriv eigaren av butikken.
Statsminister Scott Morrison får krass kritikk frå både folk og politikarar for det dei meiner er svikt i å sikre nok vaksinar til landet.
Berre 4 prosent av befolkninga er fullvaksinerte når landet no står overfor eit smitteutbrot av delta-varianten. Dei siste 14 dagane er 287 persona registrert smitta, og trenden er aukande.
Delta-variant truar
Australia vart først hylla for at dei klarte å få kvardagen og økonomien på fot igjen. Dei innførte tidleg strenge koronarestriksjonar, og det er berre meldt om 910 dødsfall så langt i pandemien.
Men med den nye delta-varianten som truar verda over, har over 10 av landets 25 millionar innbyggarar måtte gå i lockdown. Totalt 20 millionar er ramma av koronarestriksjonar i forskjellige formar.
Store byar som Sydney, Brisbane, Perth og Darwin er under lockdown. Folk besøker likevel den populære stranda Bondi Beach i Sydney.
Foto: STEVEN SAPHORE / AFPAustraliarane er redde for at dei er spesielt sårbare mot den ekstra smittsame koronavarianten. Det er nemleg berre 1 million av dei som er fullvaksinerte.
Skrota vaksineringsmål
Og det er det mange som skuldar statsminister Scott Morrison for. Emneknaggen #ScottyDoesNothing har blitt ein trend på Twitter.
Utrullinga av vaksinar har nemleg blitt kraftig forseinka i Australia.
Først sa myndigheitene at alle ville vere fullvaksinerte innan oktober. No er det målet heilt skrota.
Vaksineprogrammet til Australia lente seg i stor grad på AstraZeneca. Først kom det langt færre leveransar enn først antatt, deretter blei det klart at vaksinen kunne forårsake blodpropp som biverknad.
Statsminister Scott Morrison har mykje kritikk å svare på.
Foto: THOMAS SAMSON / AFPNo kan forseinkingane gjere at Australia må halde stengt ut 2022.
Helsemyndigheitene håper å oppnå flokkimmunitet når 80 prosent er fullvaksinerte, og først då vil grensene bli opna. Statsminister Morrison seier det er mogleg dei ikkje når 80 prosent-målet før midten av 2022. Han vil heller ikkje garantere at alt er opent innan jul neste år.
– Morrison bestilte ikkje nok vaksinar
Opposisjonen har også sett sitt snitt til å kritisere regjeringa.
– Medan verda opnar opp, stenger Australia ned. Og det er fordi Scott Morrison ikkje bestilte nok vaksinar, tvitrar Anthony Albanese, leiaren av det største opposisjonspartiet Labor.
Opposisjonen klandrar også Morrison for å ikkje ha eit godt nok karantenesystem.
Det har vore 24 tilfelle der viruset har smitta frå hotell til befolkninga gjennom sikkerheitsvakter eller reinhaldarar, og fleire reisande har også dokumentert at dei har blitt smitta på karantenehotellet.
Morrison meiner vaksineringa vil setje fart frå juli av, då Pfizer-leveransane vil auke. Til dess ber han folk, spesielt dei i Sydney i New South Wales, om å vere tolmodige.
– Australiarar har vist ein enorm styrke gjennom pandemien. Eg er sikker på at folka i New South Wales vil overvinne denne siste utfordringa, seier statsministeren.