Hopp til innhold

Ein familie på fire flykta frå skogbrannen, berre tre klarte seg

Shepherd-familien vart omringa av flammar, yngstemann Kai omkom.

California Wildfires Family Burned

FAMILIEN SHEPHERD: Frå venstre, Kai, Sara, Jon og Kressa. Kai omkom, medan dei andre fekk store brannskadar då dei prøvde å flykte frå skogbrannen.

Foto: Irma Muniz / AP

Ein San Francisco Giants cap låg igjen på staden der 14 år gamle Kai Shepherd vart teken av skogbrannen.

Han er ein av dei førti som omkom i dei voldsomme skogbrannane i California denne veka.

Samtidig held søket fram etter dei mange hundre andre som er sakna. Dødstala er difor venta å stige.

Bilane brann opp på veg ut av infernoet

Shepherd-familien budde høgt oppe i Redwood Valley i Nord-California.

På veg ned fjellet tok bilane deira fyr, og dei måtte halde fram til fots. Den sterke vinden sende ein vegg av flammar mot den flyktande famiien.

Ein nabo, Paul hanssen, fann mor Sara og dotra Kressa sterkt brannskadde på bakken. Ingen av dei visste kor faren eller den fjorten år gamle Kai var.

Hanssen dekka Sara og Kressa med våte handdukar, og kontakta naudetatane.

Femten meter unna fann dei kroppen til Kai, og prøvde å få liv i han, men livet stod ikkje til å berge.

Hanssen og ein annan nabo, Efren Turner, la eit laken over den døde fjortenåringen.

– Vi la hendene våre på han og bad ei bøn for han. Det føltes ikkje riktig å forlate han der oppe, men innan ein time kom Sheriffen og henta levningane hans, fortel Hanssen til Los Angeles Times.

Faren Jon hadde kollapsa på bakken eit stykke unna, og vart berga av eit ambulanseteam.

CALIFORNIA-FIRE/ANAHEIM

SLOKKING: Eit DC-10 slokkefly flyg lavt over bakken i California.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Enorme skadar etter brannen

Samtidig kjempar 10.000 brannmenn mot 15 større branner i California. Omlag 5.700 bygningar er allereie øydelagde, og 864 kvadratkilometer bustadsområder og skog har blitt råka av flammane.

Sterk vind førte til at skogbrannane blussa opp igjen fleire stedar laurdag og fleire hundre måtte evakuere frå heimane sine.

Fleire kyrkjer i den nordlege delen av California fungerer som midlertidige heimar for dei evakuerte. Her kjem også brannmannskap for å ta seg en pust i bakken, og å be for kvarandre og dei som er råka.

California Wildfires

SANTA ROSA ØDELEGGELSER: Borgermeisteren i Santa Rosa i Sonoma seier skadane beløper seg på over 1,2 milliardar dollar.

Foto: Marcio Jose Sanchez / AP

Sterk vind hindrar slokkingsarbeidet

Sterk vind er framleis ei utfordring for brannmannskap, som tidlegare i veka melde om framgang i kampen mot elden nord i delstaten.

Californias guvernør Jerry Brown fortel at Det hvite hus har godkjent ein førespurnad om direkte midlar til familiar i fire fylker.

En kvinne blir trøstet av naboen etter å ha fått vite at hjemmet hennes i Oakville er ødelagt.

TRØST: En nabo trøster Laura Castellano i Oakville, midt i Californias vindistrikt.

Foto: Rich Pedroncelli / AP

Store brannskadar

For familien Shepherd vil livet ikkje lenger bli det same. I tillegg til tapet av den yngste sonen Kai, vart dotra kressa så skada at ho måtte amputere begge beina.

Det var tanta Mindi Ramos som måtte skrive under for å godkjenne amputasjonen.

– Vi skal skaffe Kressa dei beste protesene som finnes. Ho er fenomenal, ho er den sterkaste jenta eg veit om, seier Ramos til Los Angeles Times.

Familien hadde heller ikkje brannforsikring, så tante Mindi Ramos har starta ein innsamlingsaksjon. Familien treng pengar til å gjenreise heimen sin, og å betale sjukehusrekningane sine.

SISTE NYTT

Siste nytt