Bomben gikk av på en buss i Jerusalem (foto: EBU).
Politiet opplyser at eksplosjonen skjedde i bydelen French Hill, og at bomba vart utløyst av ein sjølvmordsaksjonist. Av dei 30 skadde skal tilstanden vere kritisk for ein, medan ein annan skal skadane vere alvorleg.
Seks timar tidlegare vart minst tre menneske skadde då ei bilbombe gjekk av ved eit kjøpesenter i Jerusalem i dag tidleg. Den ekstreme islamistiske organisasjonen Islamsk Jihad, Heilag Krig, har teke på seg ansvaret for dette attentatet. Ingen organisasjon har førebels teke på seg ansvaret for den siste bomba.
Ein talsmann for politiet i Jerusalem opplyser at ein mann med ein bag gjekk på buss nr 6. Fleire av passasjerane på bussen vart mistenksame, og mannen gjekk av bussen med ein gong. I det han gjekk ut av bussen eksploderte bomba han hadde på seg, opplyser talsmanen.
Det er uklart kor mange menneske som var om bord i bussen. Minst ein av dei skadde skal ha fått alvorlege skadar.
Statsminister Ariel Sharon har kalla saman tryggingskabinettet for å diskutere situasjonen etter drapet på 10 månader gammal jødisk jentene i Hebron i går kveld, og to bombeeksplosjonar i Jerusalem i dag.
11-åring skoten
På Vestbreidda er ein 11 år gamal palestinar skoten og drepen nær byen Hebron. Det er sykehuset som melder om dette, og antar at israelske soldater står bak.
Den israelske hæren stadfestar at det har vært skotvekslingar nær ein flyktningleir i området, men seier at det ikkje er meldt om dødsfall.