Hopp til innhold

Den siste norske soldaten på Balkan

På det meste var det to tusen norske soldatar på Balkan. No er det berre ein igjen, og geværet er bytta ut med sykkel.

Oblt Egil Daltveit i Beograd.

Sykkeldiplomati har erstatta kuler og krut på Balkan.

Foto: András Hajdú D / NRK

Det er eit utradisjonelt møte mellom den amerikanske og norske forsvarsattacheen. Oberstløytnanten Egil Daltveit syklar saman med sin amerikanske kollega opp ein stupbratt bakke i den tidlegare Jugoslavia-republikken Nord-Makedonia.

Diskusjonen går om utviklinga i forsvaret i Nord-Makedonia og om viktige samarbeidsprosjekt i forsvars- og tryggingssektoren.

– Nord Makedonia har ein spesiell plass i hjarte mitt sidan eg kom her som soldat for tjue år sidan, fortel Daltveit.

– Eit tapt tiår

Det har ikkje alltid vore så fredeleg her på Balkan.

Ei påminning kom førre veke då anken til den serbiske generalen Ratko Mladic vart endeleg avvist.

Mladic vart i 2017 dømd for det som er den største ugjerninga på europeisk jord sidan andre verdskrigen, folkemordet i Srebrenica, der 8.000 muslimske bosniakkar vart drepne.

Og det var med «etnisk reinsing» at det skjøre byggverket Jugoslavia vart skote ned og drukna i blod i krigane på 90-talet.

AsVTd626uvo

Etterlystplakat frå år 2000. Dei tre blir rekna som hovudmennene bak massakren i Srebrenica som blei eit symbol på ugjerningane i det tidlegare Jugoslavia.

Foto: GEORGE BRIDGES / Afp

Fleire millionar menneske vart jaga på flukt. Nato gjekk til krig mot Serbia i 1999. Det vart starten på ein lang prosess mot fred.

– 90-talet var eit tapt tiår for tryggingspolitikken i regionen, fortel Daltveit.

1rNWnS3P4iA

På det meste var det over to tusen norske soldatar i det tidlegare Jugoslavia. Dette bilete er frå 2003 der ein norsk tropp gjer seg klar til å handtere eit etnisk opprør i Kosovo.

Foto: Heiko Junge / NTB

Over to tusen norske soldatar

Hausten 1999 var det over to tusen norske fredssoldatar i det tidlegare Jugoslavia. No er det berre ein tilbake, oberstløytnant Egil Daltveit. Han er Noregs forsvarsattaché for Serbia, Nord-Makedonia og Montenegro.

– Er det ikkje bra at situasjonen har utvikla seg i ei retning der vi slepp å ha tusenvis av soldatar her? spør Daltveit.

Blodbad vart avverja

Nord-Makedonia opplevde etnisk uro i 2001, då den albanske minoriteten greip til våpen. Fredsmeklarar og fredsbevarande styrkar klarte å kvele konflikten før den kom ut av kontroll.

GLVi2eyQmDY

Britiske Nato-soldatar samla inn store mengder våpen frå den albanske geriljaen i 2001. Eit nytt etnisk blodbad vart avverja ved hjelp av diplomati og fredsbevarande soldatar.

Foto: RADU SIGHETI / REUTERS

Leiarane på alle sider i det makedonske samfunnet vart med på eit kompromiss som vart nedfelt i Ohrid-avtalen i 2001. Denne avtalen var grunnen til at landet unngjekk ein skjebne som kunne blitt like ille som Bosnia sin.

– Eg har sett korleis dette landet har blitt pressa frå alle kantar, og det har vore mange tøffe vegval. Den beste stunda mi her var då vi endeleg kunne seie at Nord-Makedonia har blitt medlem av Nato, fortel Daltveit.

Vi sit på toppen av fjellet Vodno og skodar over hovudstaden Skopje. I det fjerne kan vi skimte Kosovo. Eit digert stålkors står på fjelltoppen og lyser mot minaretane nede i dalen. Eit veldig konkret eksempel på kor multietnisk denne delen av Europa er, og kor lett det har vore for nasjonalistar å sette folk opp mot kvarandre.

Daltveit har invitert tidlegare forsvarsminister og ambassadør til USA, Zoran Jolevski.

– Når den økonomiske situasjonen vil betre seg, vil den ekstreme nasjonalismen minke, fortel han til NRK.

Frå kruttønne til eksportør av tryggleik

Samarbeidet mellom Noreg og Nord-Makedonia er styrkt gjennom at eit makedonsk legeteam har arbeidd saman med nordmenn på feltsjukehuset i Kabul.

Makedonsk legeteam i Kabul

Det makedonske legeteamet i full sving ved feltsjukehuset i Kabul.

Foto: Forsvaret

I samband med at Noreg og Nato no trekker ut styrkane sine frå Afghanistan, kom det makedonske legeteamet heim til Nord-Makedonia.

Oberstløytnant Daltveit var til stades på flyplassen for å hylle dei:

– Eg måtte tørke vekk ei lita tåre for eg er så glad for at alle er heime i god behald.

Har dette teamet berga norske liv?

– Nordmenn har heldigvis ikkje vore livstruande skadde. Men teamet har berga afghanske og allierte liv fortel Daltveit og held fram.

– Og eit liv er eit liv enten det er norsk eller afghansk.

Heimkomst

Det makedonske kirurgiske teamet blir heidra ved Skopje flyplass. Dette teamet er totalt det åttande makedonske kirurgiske teamet som har tenestegjort under norsk kommando i Afghanistan, men det første etter at landet vart Nato-medlem.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Den store styrkeprøven

Eit stykke sør for hovudstaden held Nord-Makedonia si første store allierte øving etter at landet vart Nato-medlem i fjor.

På plass er militære ekspertar frå Pentagon som skal vurdere den makedonske stridsevna.

Dette er som eksamen å rekne for Natos trettiande medlem.

Først i elden er fallskjermjegerane som går til angrep på ein fiktiv terroristleir. Samtidig rykker infanteriet fram i samspel med greske jagarfly, noko som ville vere utenkjeleg for nokre år sidan.

Då den tretti år gamle namnestriden vart lagt død i 2018, opna også døra til Nato seg.

Laster Twitter-innhold

Etterpå møter Daltveit den makedonske forsvarsministeren Radmila Šekerinska som har eit nært forhold til Noreg.

Radmila Sekerinska

Forsvarsminister i Nord-Makedonia Radmila Šekerinska blir intervjua av NRK etter Nato-øvinga.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Eg var to månadar på Utøya i min ungdom, og der lærte eg at det å vere politikar kan vere noko edelt, og at ein kan skape endring til det betre, fortel Šekerinska til NRK.

– Regionen kan bli fantastisk!

Tilbake i Beograd tek Daltveit igjen sykkelen fatt. For å dra opp tempoet har han fått med seg den tidlegare proffsyklisten Ivan Stević.

Ivan la opp i 2016 etter sitt fjerde OL på rad. No har han reist heim igjen til Serbia og arbeider for å fremme sykkelsporten.

Samtalen handlar ikkje lenger om krig og fred på Balkan, men korleis landa i regionen kan vere med å bidra til stabilitet og fred andre stadar i verda.

Framleis er ikkje Serbia, Kosovo og Bosnia medlem av Nato, men prosessane er i gang.

Snart tretti å sidan Jugoslavia sin blodige kollaps kan den einaste norske militære på Balkan sykle fredfullt rundt.

– Denne regionen har mange flotte folk som Ivan, den er ein del av Europa og den kan bli noko heilt fantastisk, fortel Noregs forsvarsattaché i Serbia Egil Daltveit til NRK.

Egil Daltveit les til dottera si.

Planen var at familien skulle kome og bu i Beograd det siste av tre år i Beograd. Men koronapandemien sette ein stoppar for dette. Kvar kveld i tre år har Egil lest godnatthistorie for dottera si ved hjelp av ein iPad.

Foto: András Hajdú D / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt