Sjukehus i Beograd

Det er lang kø ved barnesjukehuset i Beograd og mange bekymra foreldre.

Foto: Andras Hajdu / NRK

Kaos, traume og mafia

Blodige mafiaoppgjer og ein smittekurve som går rett i veret. Dette er statusen for korona i Europas bakgard.

Dei kjem frå land som har gått frå krise til krise dei siste 20 åra. Så kom koronaviruset.

NRK har reist til fire land i Europa som har fått veldig lite merksemd under koronakrisa. Der møtte vi fire personar som opplever virustrusselen ganske så ulikt.

Artan Hoxha

Gravejournalist frå Albania. Er trua på livet av mafiaen.

Artan Hoxha

Etterspurnaden etter narkotika har berre auka med eit Europa i karantene.

Artan Hoxha
Artan Hoxha på fjellet

Vi møter Artan Hoxha ved ein restaurant i Tirana. Her føler han seg trygg. Både ute og inne sit det sivile livvakter og passar på. Hoxha er drapstrua og må passe seg.

Han er nemleg ein av dei mest kjende kriminaljournalistane i Albania.

På bordet ligg fire telefonar. Han nyttar same krypterte programvare som dei kriminelle for å halde kontakt med kjeldene sine. WhatsApp og Signal er ikkje godt nok. For dei kriminelle er trygg kommunikasjon skilnaden mellom liv og død.

Artan Hoxha med mobiltelefonar.

Artan Hoxha har fire telefonar for å halde kontakt med kjeldene sine. Ein av dei er av det sjeldne spanske merket BQ. Det betyr at det er mindre sjanse for at politiet har ressursar til å avlytte eller spore den.

Foto: Andras Hajdu / NRK

Artan viser fram eit bilde av ei sveitsisk snikskyttarrifle. Denne vart brukt til å drepe ein mafiaboss førre veke, fortel han. 500.000 Euro, om lag 5 millionar norske kroner kostar det å bestille eit drap i Albania.

Karantene betyr auka etterspurnad etter rusmiddel. Så omsetninga har gått opp.

Millionar av europearar har blitt stengt inne med karantene og portforbod. Og kva gjer folk når dei kjedar seg? Røyker hasj og sniffar kokain. Kjeldene til Hoxha ser ein klar trend, fortel han.

Problemet er berre at det ikkje går fly. Kokainen sender ein med containerskip, men betalinga må ein levere personleg ved å ta fly til Latin-Amerika.

– Det har skapt gnissingar i miljøet, fortel Artan.

Vi blir med Artan til eit fjellområde i det sentrale Albania. Vi køyrer ein humpete skogsveg i bortimot to timar. I desse utilgjengelege områda blir det dyrka cannabis, fortel han.

Det er svært farleg å besøke slike plantasjar, så sjåføren tek oss med til eit fjell der Bektasji-ordenen har eit tempel.

Hasjolje i Albania

I sprøyta er det cannabisolje ein person i området skal gi til ein kreftsjuk venn. Oljen blir ikkje injisert, men dryppa i eit glas med drikke og blir rekna for å vere ein mirakelkur mot det meste. I Albania blir det dyrka og foredla cannabis til ein verdi som svarar til minst halvparten av det albanske bruttonasjonalproduktet, ifølgje italiensk politi.

Foto: Andras Hajdu / NRK

På toppen av fjellet fortel Artan Hoxha at han trur det kjem ei «ketchup-effekt». Også dei kriminelle kunne ikkje bevege seg fritt då Albania stengde samfunnet for å verje seg mot viruset.

– På grunn av karantenar og stengde grenser oppstod ein maktkamp i dei kriminelle gruppene. Yngre kriminelle har byrja utfordre dei eldre og meir tradisjonelle mafiabossane.

Hoxha fortel at eit koronastengt Europa også fekk følgjer for vanlege folk:

– Mange familiar i Albania er avhengige av pengane gjestearbeidarar sender heim. Så når EU-landa stengde ned fabrikkane sine, var det mange som fekk det tungt.

Arberesha Krasniqi

Arbeidslaus tolk frå Kosovo. Arbeidde i mange år for norske og britiske fredsbevarande styrkar under krigen på slutten av nittitalet.

Arberesha Krasniqi

Eg vaska leiligheita mi så mykje at eg ikkje hadde hud på fingrane. Eg byrja sjå virus over alt, på alle flater som eg tok på. 

Arberesha Krasniqi
Arberesha Krasniqi fra Kosovo.

– Sjølv om eg ikkje har arbeid er eg avhengig av arbeidande slektningar som forsørger meg, difor er det ekstra vanskeleg når bedrifter stengjer i ei land med høg arbeidsløyse.

Rundt 30 % av innbyggarane i Kosovo er arbeidsledige.

Krasniqi har vore arbeidsledig dei siste ti åra. Ho fortel at trauma frå krigen vart forsterka då alle måtte sitte i karantene og berre fekk gå ut ein time om dagen.

Nyheitene på fjernsyn orka ho ikkje å sjå. Alt der handla berre om virus og død.

Som dei aller fleste etniske albanarar vart familien til Krasniqi jaga på flukt i 1999. Serbiske styrkar fordreiv over 400.000 menneske til nabolanda Nord-Makedonia, Montenegro og Albania.

– Dei kom på døra og sa dei ville drepe oss om vi ikkje kom oss av garde, fortel Krasniqi.

Angsten sit framleis i.

Systera, som er gift og busett i Noreg, byrja slite mentalt i mars. Ho er no lagt inn på sjukehus. Som arbeidsledig i Kosovo, får ikkje Arberesha turistvisum til Noreg for å besøke henne.

– Det var tøft å sitte i karantene og ikkje få tak i systera mi på telefon, rett og slett var det vondt å ikkje vere i stand hjelpe, fortel ho.

Krasniqi drøymer om at Kosovo skal bli ein velfungerande stat slik som Noreg.

NRK vart med ho til sentrum av hovudstaden Pristina, der ho markerte støtte partiet Vetëvendosje og leiaren Albin Kurti.

Kurtis regjering fall nyleg etter mistillitsforslag over handteringa av koronautbrotet. Krasniqi er overtydd om at det var eit renkespel iscenesett av landets president Hashim Thaci.

Kort tid etter NRKs besøk vart Thaci sikta for brotsverk mot menneskeslekta av krigsforbrytartribunalet i Haag.

Feiring i Pristina, Kosovo

Mange møtte opp for å feire frigjeringa av Kosovos hovudstad Pristina.

Foto: Andras Hajdu / NRK

Den 12. juni hadde folk møtt opp med flagg og trommer. Dei ropte slagord med krav om nyval og ansvarlege politikarar.

– Vi vil ikkje lenger leve i eit land utan eit fungerande helsestell, fortel Krasniqi til NRK.

Men store folkeforsamlingar har også ein pris i Kosovo. Smittekurven peikar igjen oppover.

Smittetal i Kosovo etter 10. juni:

Branimir Nestorović

Barnelege og mediapersonlegheit. Har vore med å fronte koronastrategien i Serbia.

Branimir Nestorovic

Eg tek på ei maske av og til, men den verjer meg ikkje mot noko som helst, det er mest for å roe ned pasientane.

Branimir Nestorović
Branimir Nestorovic behandler et barn

Vi møter Branimir Nestorović ved eit overfylt barnesjukehus i Beograd. Dette er ein vanleg dag på jobben forsikrar han.

Han ler avslappa og tek i mot pasientar utan noko form for verneutstyr.

– Legar og lærarar har berre godt av litt smitte. Det styrkar immunforsvaret.

Det er litt vanskeleg å vite om den profilerte legen spøker eller er alvorleg.

Nestorović har vore helsestyresmaktene sitt andlet i serbisk media. Og han har fronta ein strategi som har gått frå det eine til det andre ytterpunktet. Først råda han folk å reise på shopping til Milano.

– Det var berre ein spøk, seier han til NRK.

Så vart serbarane gripne av panikk, og det vart innført portforbod. No har landet opna opp igjen utan synlege restriksjonar.

NRK løyste billett og stod saman med 20.000 tilskodarar under lokaloppgjeret mellom Raude stjerne og Partizan 10. juni.

Lokaloppgjer mellom Røde stjerne og Partizan

Fullt hus under den kontroversielle fotballkampen i Beograd. Truleg mellom 20 og 25-tusen tilskodarar.

Foto: Andras Hajdu / NRK

Fotballkampen førte til oppblomstring av smitte i mange naboland, og mange er sinte på serbarane no. Serbiske styresmakter blir skulda for å vere sjølvdestruktive og for å jukse med statistikken. Alt for å få gjennomført eit parlamentsval.

Når NRK konfronterer Nestorović med kritikken frå nabolanda, er det før den famøse kampen. Det prellar av.

– Eg trur viruset vil forsvinne om nokre veker. Kanskje det kjem ei ny smittebølge til om vinteren, men den vil bli mild.

Fotballkamp i Beograd, Serbia. 10. juni 2020

Lokalderbyet mellom Partizan og Raude stjerne blir rekna som eit av dei største i regionen. Raude stjerne har mange tilhengarar i nabolanda også i Albania.

Foto: Andras Hajdu / NRK

Nestorović vil heller snakke om korleis viruskrisa har skada omdømmet til den Europeiske unionen. Folk har sett kor usolidariske EU-landa var. Dei slost om smittevernutstyr, og tenkte berre på seg sjølv.

– Vi fekk hjelp frå Kina. Folk er praktiske, og dei skjønar dette. Noreg hjelpte oss med respiratorar, skyt han inn. Men ingenting frå EU.

Etter NRK sitt besøk er det på ny slått smittealarm og regjeringa har kunngjord nye tiltak.

Smittetal i Serbia etter 10. juni:

Maja Vukićević

PR-sjef for Splendid hotel i Montenegro. Ho meiner at arven frå sosialismen er ekstremt viktig.

Maja Vukićević

Det å bry seg om folk si helse og arbeid var heile tida førsteprioritet.

Maja Vukićević
Maja Vukićević 2

Montenegro har vore ein favoritt blant superstjerner og dei super-rike sidan landet var ein del av Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia.

– Her sat Rolling Stones og kosa seg med ein Club sandwich og vår herlege montenegrinske vin, fortel Vukićević.

Ho har teke med seg ein paraply for å verje seg mot ei regnbye når ho viser oss rundt på det fasjonable hotellet.

– Vi er klare over at vi er frontlinja. For vi er friske, snart kjem turistane og da må vi vere meir pliktoppfyllande enn vi nokosinne har vore.

Landet med litt over 600.000 innbyggarar er fullstendig avhengig av inntektene frå turismen.

Hotellet gjer alt dei kan for å få gjestane til å føle seg trygge. Heisknappane blir reingjort for kvar tur, og alle tilsette må gå med maske. Gjestane må tørke av beina og vaske hendene med Antibac før dei kan gå inn i lobbyen.

Vask av heisknappar

Alle heisane ved Splendid hotell blir reingjort etter kvar tur. Her kjem det kravstore gjester og staben har fått klare instruksar om kva som må til for å halde smitten vekke.

Foto: Andras Hajdu / NRK

Montenegro var det siste landet i Europa som fekk påvist koronasmitte, og det første landet i Europa som erklærte seg koronafritt. Då NRK møtte Vukićević 14. juni hadde Montenegro berre eitt aktivt tilfelle av koronasmitte, ein mann frå Bosnia.

Det hadde gått ein månad utan nye utbrot. Så kom fotballkampen mellom Raude stjerne og Partizan i Beograd.

– Eg synest det dei driv på med er svært farleg. Dei pressar fram eit val utan å tenke på folk si helse, sa Vukićević med tilvising til det komande valet i Serbia 26. juni.

Fire dagar etter valet blei det registrert 221 smitta og landet er på veg mot ein ny smittetopp. Mange observatørar meiner årsaka er fotballkampen i Serbia. Det blir også hevda at serbarane skjulte sanninga om koronasituasjonen i landet.

For folka i Montenegro handlar det om god helsepolitikk. Eit helsestell kan aldri fungere utan hjelp frå samfunnet og politikarane. Det handlar ikkje om talet på respiratorar, men om sunn fornuft.

Smittetal alle fire land sidan 10. juni:

Hotel Splendid Budva

Resepsjonen ved Splendid hotell er klar for å ta mot gjester.

Foto: Andras Hajdu / NRK