Hopp til innhold

Ebola-alarm på Arlanda

Ein mann som kom med fly til Arlanda flyplass utanfor Stockholm vert no sjekka for ebola. Mannen er no lagt i høgisolat, melder Aftonbladet.

– Mannen vert no ført til høgisoleringssonen på Karolinska universitetssjukehus der han skal undersøkast. Først då kan me konstatere om det er mistanke om ebola, seier vakthavande smittelege i Stockholms län, Helena Hervius Askling til Aftonbladet.

Mannen kom søndag ettermiddag med eit utanlandsk fly til Stockholm. Mannen skal ha mellomlanda i Midtausten, og han skal ikkje ha kome frå eit av landa som er råka av ebola.

– Personen kasta opp, var slapp og følte seg dårleg. Ingen av dei som til no har vore blanda inn har gitt noko eboladiagnose, og det kan vere kva som helst. Men det er betre å vere sikker, enn usikker, seier Ulf Wallin, som er pressetalsmann for svenske luftstyresmakter.

Askling seier at det er låg terskel for å reagere på mistanke om ebola, og at mannen no skal undersøkast av lege.

SISTE NYTT

Siste nytt