Hopp til innhold

Dramatisk redningsaksjon i Bronx

Billy Cretan tok seg inn i eit brennande husvære i den fattige New York-bydelen Bronx og berga livet til ein fire år gammal gut.

Video nsps_upload_2009_10_3_13_35_3_3141.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Han såg at det brann i husværet, og tok seg inn gjennom eit vindauge. Her fann han fire år gamle Christopher, som låg medvitslaus der inne, nesten kvelt av røyken.

Cretan tok med seg fireåringen ut på branntrappa, og bar han ned ein etasje. Dette skjedde medan det heile tida fall glasbitar ned frå knuste vindauge i det brennande husværet.

Blir heilt bra

Billy Cretan er den store helten i nabolaget

Billy Cretan er den store helten i nabolaget.

Foto: EVN/CBS

Etter kort tid får han hjelp frå brannvesenet, og vesle Christopher blir teken til sjukehus.

Her blir det opplyst at tilstanden hans er alvorleg, men stabil. Men sjukehuset lovar at han vil bli heilt bra.

Redningsdåden har gjort Billy Cretan til helt i nabolaget

- Eg gjorde berre det alle andre ville gjort i min stad. Eg gjorde det eg måtte gjere, seier han.

Men familien til fireåringen er ikkje i tvil om at han er ein stor helt.

Frieri på direkten

Billy Cretan på veg ned trappa med fireåringen

Billy Cretan på veg ned trappa med fireåringen.

Foto: EVN-CBS

- Hadde eg ikkje vore så fattig ville eg ha gitt han noko for det han har gjort, seier faren til Christopher, Ragesh Ramcharran.

Billy Cretan fekk mykje merksemd i aviser og på fjernsyn etter redningsdåden, og fortalde om den dramatiske redningsaksjonen til alle dei store fjernsynsstasjonane.

I går fridde han til og med til venninna si under eit direkteintervju på ein av dei nasjonale fjernsynskanalane.

Vesle Christopher blir boren bort av ein brannmann.

Vesle Christopher blir boren bort av ein brannmann.

Foto: EVN/CBS

SISTE NYTT

Siste nytt