Hopp til innhold
Urix forklarer

Drama i skuggen av Merkel

I skuggen av Angela Merkel er ytre høgre på veg inn i Forbundsdagen for første gong på eit halvt århundre. Og sosialdemokratane blør.

GERMANY-ELECTION/

KRISTNE VERDIAR PÅ GODT OG VONDT: Alternativ for Tyskland tener på Merkels handtering av migrantkrisa. Samtidig får dei vind i segla av framandgjering, fattigdom og misnøye med den politiske eliten.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Det skjer store endringar i tysk politikk – bakteppet er innvandringsmotstand og aukande forskjellar mellom dei fattige og dei fleste.

Tøff tone

GERMANY-POLITICS-VOTE-SCHROEDER-FISCHER

GUTTEKLUBBEN GREI I 2005: Kanslar Gerhard Schröder og utanriksminister Joschka Fischer høyrer på Angela Merkel tale i Forbundsdagen.

Foto: JOHANNES EISELE / AFP

Mykje er snudd på hovudet sidan eg flytta til Berlin på NRKs vegne i 2005, midt under valkampen den gongen. Sosialdemokrat og forbundskanslar Gerhard Schröder sa like ut at utfordraren, konservative Angela Merkel, rett og slett ikkje var eigna som kanslar.

Sie kann es einfach nicht, ropte Schrøder til tilhengarane sine.

Mykje endrar seg

I dag synest brorparten av tyske veljarar å meine at Angela Merkel er den einaste som fiksar det, nesten som om ho er heva over politikken. Og det ser ut til å suge energien ut av motstandarane. Ikkje minst hovudmotstandar, og regjeringspartnar i dagens storkoalisjon, sosialdemokratane.

Det tyske sosialdemokratiske partiet, SPD, er Europas eldste, og forbilde for søsterparti over heile kontinentet, også det norske. No styrer dei mot nederlag, bokstaveleg talt.

USA-TRUMP/GERMANY

STABILISATOREN: Merkel er blitt ein stabiliserande faktor i ei verd der populismen aukar. Ho har rykte på seg for å vere ein fornuftens stemme i utanrikspolitikken.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Merkel får æra, sosialdemokratane skulda

For det er betydeleg regjeringsslitasje i den tyske storkoalisjonsregjeringa. Den råkar i liten grad Merkel og hennar kristelegdemokratar i CDU, men den råkar SPD med full kraft. Der Merkel får æra for alt som går godt, som økonomien og den låge arbeidsløysa, må SPD dele ansvaret for det som går dårleg, som manglande modernisering og aukande forskjellar.

GLOBAL-ECONOMY/OUTLOOK

MERKEL MOT SCHULZ: Sosialdemokratane kjempar i skuggen av mor Merkel.

Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters

Regjeringspartiet

I to av Angela Merkels tre regjeringsperiodar har hennar regjeringspartnar vore SPD. Tar vi med Gerhard Schrøders to regjeringsperiodar før det, har SPD sete nær samanhengande i regjering sidan 1998.

Og det var sosialdemokraten Schröder som gjennomførte tunge, til dels upopulære reformer i arbeidsmarknaden tidleg på 2000-talet. Reformer som både har bidratt til låg arbeidsløyse, som Merkel får æra for, men også til aukande forskjellar, som fråtar SPD truverd i ei av deira viktigaste saker – sosial rettferd.

Eliteopprør

For sjølv om majoriteten lever godt i Tyskland, er det eit betydeleg sjikt som sakkar akterut. Mange i denne gruppa, som heng etter i velstandsutviklinga og som føler seg framandgjort av samfunnseliten, vender SPD ryggen.

GERMANY

EI KVINNE AV FOLKET: Merkel har ved fleire høve blitt fotografert med øl i handa, for å vise at ho har beina planta i det tyske folkedjupet.

Foto: ARND WIEGMANN / REUTERS

Alternativ for Tyskland

Og mange av dei går til Alternativ for Tyskland, AfD, på ytre høgre fløy. For det ligg mykje frustrasjon mot dei etablerte partia i oppslutninga om AfD. Og dei stel veljarar frå mange, ikkje berre frå SPD. Skuffa konservative vender også CDU ryggen.

Til og med protestveljarar som tidlegare stemte ytre venstrepartiet Die Linke, stemmer no AfD i staden for. På sine beste målingar er AfD Tysklands tredje største parti. Det er dramatisk – og særleg i Tyskland.

Eit langt sprang

Eg var framleis i Berlin under fotball-VM i 2006. Då gjekk diskusjonen høgt om det var greitt, også for tyskarar, å feire sine populære fotballheltar med flagg og song i gatene. For det var ikkje sjølvsagt i Tyskland, gitt den nære dystre historia.

Denne historiske bagasjen, blei eg fortalt, var ein av grunnane til at det ikkje var noko parti til høgre for Merkels CDU i den tyske Forbundsdagen.

Denne valkampen har vi fått høyre ein av frontfigurane i AfD fortelje tilhengarane sine at det må vere lov – også for tyskarar – å vere stolte av det tyske soldatar utretta under den andre verdskrigen. Det er eit langt sprang.

Innvandring og AfD

Så kva skjedde? Det viktigaste er nok migrantkrisa i 2015, og regjeringas handtering av den, som mange mislikte. Men også framandgjering, fattigdom og misnøye med den politiske eliten.

Derfor ser AfD ut til å kome inn i Forbundsdagen med ein stor fraksjon. Dei vil neppe få nokon innverknad på regjeringsspørsmålet fordi ingen andre parti vil samarbeide med dei.

Men dei får ein ny og kraftig talarstol i tillegg til representasjonen dei allereie har i 13 av Tysklands 16 delstatsparlament. Det er inga lita reise for partiet som blei skipa som eit euroskeptisk parti i 2013, men som i dag i hovudsak bygger retorikken sin på innvandringsmotstand.

Germany Merkel's Appeal

INNVANDRINGSMOTSTAND: Merkel fekk motstand da ho opna grensene for migrantar og flyktningar. Dette bildet er frå ein PEGIDA demonstrasjon i 2015.

Foto: Jens Meyer / AP

Ny regjering

SPD på si side vil nok ønske seg ut av regjeringa til Merkel. Både for å frigjere seg frå kristelegdemokratane og for å kunne utvikle ein ny plattform som truverdig regjeringsalternativ i 2021.

Angela Merkel blir etter alt å døme forbundskanslar, men kva regjering Tyskland får blir truleg ein dragkamp gjennom hausten.

SISTE NYTT

Siste nytt