Hopp til innhold

Donald Trump er skuffa over Sveriges statsminister

– Vi har gjort så mykje for Sverige, men det ser ikkje ut som vi får noko tilbake. Sverige burde fokusere på sine verkelege problem med kriminalitet, skriv USAs president på Twitter.

AFP_1J41UW

USAs president Donald Trump tvitrar at han er skuffa over at Sveriges statsminister Stefan Löfven ikkje vil gripe inn i tiltalen mot artisten ASAP Rocky.

Foto: [DAVID MCNEW, THOMAS SAMSON, ROBERTO SCHMIDT] / AFP

I ei rekke Twitter-meldingar ber Donald Trump om å gje den amerikanske rapparen ASAP rocky fridomen tilbake.

Musikaren, som eigentleg heiter Rakim Mayers, har blitt tiltalt for vald i Stockholm. Han vil sitte i varetekt til saka kjem opp i retten tysdag 30 juli.

Trump vende seg direkte til Sveriges statsminister Stefan Löfven på Twitter:

– Eg er veldig skuffa over statsminister Stefan Löfven for ikkje å vere i stand til å gjere noko. Sverige har svikta afroamerikanarane i USA. Eg såg videoen og ASAP Rocky var forfølgd av bråkmakarar.

Laster Twitter-innhold

Varetektsfengsla etter slagsmål i Stockholm

Rapparen vart arrestert 3. juli etter ein slåstkamp i Stockholm 30. juni. To andre personar i følget til rapparen har også blitt tiltalt for vald. Musikaren har heile tida hevda at følget hans vart trakassert av ei gruppe menn og at han handla i sjølvforsvar.

Arrestasjonen førte mellom anna til at artisten måtte avlyse konserten på den norske festivalen Kadetten.

Mayers har tidlegare lagt ut videoar på sin Instagram-konto, som han meiner viser at han er uskuldig. Videoen viser likevel at Mayers kastar ein person i bakken, noko han også vedgår, seier advokaten han Slobodan Jovicic.

Disse bildene viser det som skal være rapperen ASAP Rocky i slåsskamp i Sverige

Disse bildene viser det som skal vere artisten ASAP Rocky i slåstkamp i Sverige.

– I Sverige er det likskap for lova

Statsminister Löfven vil ifølgje SVT ikkje kommentere Trumps utspel:

– Löfven har vore tydeleg på at i Sverige så er alle likeverdige ovanfor lova, og at regjeringa ikkje kan blande seg inn i ein løpande rettsprosess, skriv Stefan Lövfens pressetalsmann Mikael Lindstrøm til SVT nyheiter.

Sveriges ambassadør i USA, Karin Olofsdotter seier til nyheitsbyrået TT at det er svært vanskeleg å svare på kritikken frå Trump:

– Vi har eit uavhengig rettsvesen, så det er jo ingenting ein politikar kan gjere i ei slik sak.

Bildt skuldar Trump for gjørmebryting

Carl Bildt meiner det er uhøyrt at Trump blandar seg inn i svensk rettsvesen si sikting mot rapparen, og meiner han driv med verbal gjørmebryting.

Bildt, Sverige sin tidlegare statsminister, understrekar at lova er lik for alle, skriv NTB.

– Slik er det i USA, og det er definitivt slik i Sverige. Politisk innblanding i prosessen er heilt over grensa! Er det klart? skriv Bildt på Twitter.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt