35-åringen er registrert med 18 dommar i det svenske strafferegisteret. Alle gjeld mindre alvorlege forhold, men skal til saman omfatte heile 49 brotsverk. Tre gonger har han site i fengsel.
Tips etter offentleggjeringa av slike bilete frå overvakingskamera i kjøpesenteret NK i Stockholm førte til arrestasjonen.
Svensk politi ville i dag ikkje kommentere opplysningane om at 35-åringen skal ha tilknytning til høgreekstreme miljø.
Fleire svenske aviser skriv at mannen har tilknytning til slike miljø. Han blir omtalt som småkriminell og med høgreekstreme oppfatningar, men skal ikkje ha nokon sentral posisjon i det nynazistiske miljøet.
Nekta å svare
På pressekonferansen i dag avslo pressetalskvinne for politiet, Stina Wessling, å gå inn på kva slags informasjonar politiet har om mannen.
- Vi vil ikkje seie noko om personlegdommen til denne mannen. Mistanken mot han er ikkje så sterk på dette tidspunktet, sa Wessling.
Sjarmerande
Fleire svenske aviser har snakka med personar som hevder at dei er vener og kjende av 35-åringen.
- Han er intelligent og sjarmerande, men med valdelege trekk, seier ein av venene til avisa Aftonbladet.
Den drapsmistenkte skal alt i skuleåra ha hatt vanskar med å tilpasse seg. Ei rettspsykiatrisk undersøking som blei gjort av mannen i fjor, slår fast at han ikkje lir av alvorlege psykiske lidingar.
Den første dommen fekk han som 19-åring i 1987. Han hadde i ein periode også forbod mot å oppsøkje sine eigne foreldre, på grunn av vald og truslar. I retten har 35-åringen hevda at han har hatt problem med alkohol og kokain