Hopp til innhold

Dødsdømde Meriam fødde i fengselet

Meriam Yeha Ibrahim (27), som er dømd til døden for å ha blitt kristen, fødde i dag ei jente i fengselet i Khartoum i Sudan.

Rettssal i Khartoum, Sudan

Det var i denne rettsbygningen i Khartoum at Meriam fekk dødsdommen 15. mai.

Foto: - / Afp

Meriam vart dømd til døden 15. mai for å ha konvertert til kristendomen 15. mai i år. Ho fekk ein frist på tre dagar til å fornekte den kristne trua si, noko ho nekta å gjere. I tillegg til dødsstraffa vart ho også dømd til 100 piskeslag.

Då var ho åtte månader på veg med det andre barnet sitt, som altså vart fødd i fengselet i dag. Frå før har ho ein gut på 20 månader med seg i fengselet.

– Har ikkje konvertert

Mannen hennar, den amerikanske statsborgaren Daniel Wani, fekk ikkje vere til stades ved fødselen. Han er rullestolbrukar og fullstendig avhengig av kona si hjelp, seier advokaten hennar.

Meriam Yehya Ibrahim nektar for å ha konvertert frå islam, fordi ho heile livet har vore kristen. Ho viser til at faren hennar var sudansk muslim, medan mora var ortodoks kristen frå Etiopia. Faren forlèt familien då ho var lita, og etter det var ho fostra opp i kristen tru, har ho sagt.

Leiaren for det sudanske parlamentet, Faith Izz Al-Deen, avviser ifølgje CNN at 27-åringen har oppdregen i den kristne tru. Han gjer det klart at ho har vakse opp i eit muslimsk miljø, og at det var broren hennar, som er muslim, som melde henne til politiet for konvertering.

– Sjokkerte familien

Broren har hevda at ho etter å ha vore borte i fleire år, sjokkerte familien ved å gifte seg med ein kristen.

Dommen mot Meriam Yehya Ibrahim har vekt sterke reaksjonar over heile verda, og det er eit sterkt internasjonalt krav om at ho må setjast fri.

Amnesty International er ei av mange menneskerettsgrupper som har engasjert seg i saka til Meriam. Organisasjonen krev at ho straks blir sett fri, fordi ho er samvitsfange som er fengsla berre på grunn av den kristne trua si.

Dødsdommen er anka, og saka vil truleg kome opp på ny i ein appelldomstol i Khartoum i løpet av nesten veke.

Sharialover

Sudan har innført ei streng tolking av dei islamske sharialovene, med blant anna dødsstraff for å konvertere. Sidan faren hennar er muslim, er ho etter sudansk lov også muslim.

Amnesty har stilt ei rekkje krav til styresmaktene i Sudan ved sidan av at ho må setjast fri utan vilkår.

Amnesty krev også at Sudan opphevar paragrafane 126 og 146 som kriminaliserer fråfall og utruskap, fordi dette er i strid med Sudan sine forpliktingar under internasjonal menneskrettslov.

Organisasjonen krev også at Sudan avskaffar pisking som straff og dødsstraff.

LES OGSÅ: Gravid 25-åring steina til døde av familien

SISTE NYTT

Siste nytt