Hopp til innhold

Masseskyting i Hamburg: Dette veit vi om den mistenkte gjerningsmannen

35-åringen fekk i desember løyve av politiet til å eige det halvautomatiske våpenet som blei brukt i masseskytinga.

Deadly shooting in Hamburg

SØRGER: Fleire tyskarar la ned blomar ved Jehovas vitne-bygget i Hamburg etter angrepet torsdag kveld.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Tysk politi har enno ikkje funne ut kva som fekk mannen til å angripe bygget der ei gruppe Jehovas var samla. Sju personar døydde, blant dei eit ufødd barn.

Den mistenkte var eit tidlegare Jehovas vitne og blir skildra som å ha hatt «vonde kjensler» mot trussamfunnet, ifølge BBC.

Då politiet storma bygget skal mannen ha sprunge opp i overetasjen og skote seg sjølv.

Statsadvokaten i Hamburg meiner det ikkje var politiske motiv bak angrepet, medan politiet trur den mistenkte kan ha vore psykisk sjuk.

Dei meiner mannen var den einaste som stod bak angrepet. Han hadde ikkje kriminelt rulleblad, ifølge avisa Bild, men skal tidlegare ha teke kontakt med politiet for å melde meinigheita for svindel.

I desember 2022 skaffa mannen seg våpenkort som sportsskyttar, og kjøpte då det halvautomatiske våpenet som blei brukt i masseskytinga.

For å få eit slikt kort må ein gjennom ein kontroll, der rullebladet og koplingar til ekstreme miljø blir kontrollerte, ifølge den tyske avisa.

Deadly shooting in Hamburg

Tysk innanriksminister Nancy Faeser, tok fredag med seg blomar til åstaden.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Politiet skal tidlegare ha fått eit anonymt varsel om at mannen ikkje burde ha våpenkort grunna ei udiagnostisert psykisk liding.

Dette førte til at dei besøkte mannen i leilegheita hans, men dei fann ikkje ut noko som gav grunnlag til å ta frå han våpenet, seier politiet vidare.

Då dei søkte gjennom leilegheita hans etter angrepet, skal politiet ha funne 15 ladde magasin med ammunisjon.

Fredag seier den tyske innanriksministeren at dei førebur ei lovendring som krev at ein også testar om personen er psykisk i stand til å eige våpen før dei kan få våpenkort.

Les også Skyting i Hamburg – Gjerningspersonen var tidligere medlem av Jehovas vitner

Skyting mot Jehovas vitner i Hamburg

Vaks opp i «strengt evangelisk» heim

Den mistenkte mannen har skildra store delar av livet sitt offentleg, på nettsida til det han hevdar er ei svært suksessfull konsulentbedrift.

Mange av påstandane han kjem med står fram som lite truverdige.

For eksempel kostar konsulenttenesta fleire millionar kroner. Han lovar ein skyhøg forteneste, og gir dette som grunn for prisen.

Mannen skriv at han er høgt utdanna, med ein mastergrad, og at han vaks opp i ein strengt evangelisk heim.

At least six dead after shooting in Hamburg

Gjerningsmannen skal ha gjort sjølvmord då politiet tok seg inn i bygget der skytinga fann stad.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Han var ifølge politiet eit tidlegare Jehovas vitne, som forlèt trussamfunnet for kring eitt og eit halvt år sidan.

Jehovas vitne er ei kristen gruppe med om lag 8 millionar medlemmer verda rundt, som har si eiga tolking av Bibelen.

Dei meiner blant anna at verdas undergang er nær, og at dei som ei utvald gruppe blir frelst når det skjer.

Trussamfunnet seier i eit utsegn at dei er «djupt påverka av det forferdelege angrepet på medlemmene sine på Kingdom Hall i Hamburg, etter at ei gudsteneste var ferdig».

Dei skriv at kring 50 personar var til stades då åtaket starta.

-

På sida av bygget står det ei lenke til Jehovas vitne sine nettsider.

Foto: CLAIRE MORAND / AFP

Politiet svarte med å sende ut 950 tenestefolk, delvis på grunn av video frå åstaden som fekk det til å sjå ut som det var to gjerningspersonar, skriv AFP. Dette viste seg å ikkje stemme.

Tyskland har opplevd fleire dødelege angrep og attentat dei siste åra, som både islamistar og høgreekstreme har stått bak.

Skreiv religiøs bok som hylla «russiske verdiar»

På nettsidene sine presenterer den mistenkte gjerningsmannen eit slags manifest, der han skildrar si tolking av religion og samfunnet.

Han meiner han har funne konkrete eksempel på at gud i fortida har hemna seg på individ, heile samfunn, statar og folkeslag.

Vidare hevdar han at han er den einaste som har forstått guds plan.

Deadly shooting in Hamburg

Gjerningsmannen starta angrepet med å skyte gjennom eit vindauge inn til gudstenesterommet, skriv AFP.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Frå denne teksten er det også tydeleg at mannen tolkar krigen i Ukraina som ein kosmisk krig, der Russland representerer gud si vilje og USA er motstandaren.

– Då er det kampen mellom det vonde og det gode han tenker på, seier Iselin Frydenlund til NRK.

Ho er professor i religionsvitskap ved MF vitskaplege høgskule, og seier ein har sett slik svart-kvitt retorikk i samband med IS-angrep og 9/11, men også i russisk religiøs propaganda.

– Den russiskortodokse kyrkja har snakka i liknande omgrep, at det er Russland som på ein måte forsvarar dei gode verdiane mot det degenererte vesten.

Iselin Frydenlund

Iselin Frydenlund er professor i religionsvitskap ved MF vitskaplege høgskule.

– Det er ikkje noko nytt at høgreradikale i Europa har kontakt med Putin sitt Russland, og dei vil ha eit felles verdigrunnlag.

Framleis er ho tydeleg om at ein framleis veit lite om det som har skjedd, og at innhaldet i den mistenkte mannen si bok ikkje nødvendigvis er årsaka til valden.

Det einaste ein kan seie sikkert, meiner ho, er at dette er eit angrep på Jehovas vitne.

– Dersom han hadde vonde opplevingar med Jehovas vitne og var psykisk sjuk, så vil eg tru at det er det som har trigga dette her uavhengig av det ideologiske bakteppet.

– Vi kan verkeleg ikkje heilt kople det manifestet opp mot denne handlinga direkte.

SISTE NYTT

Siste nytt